Uff, det blir nok for dyrt for oss!

Denne veka kom ei trist nyheit for DNB Nor, men ei glad melding til mange norske bankkundar.
Bankklagenemnda slo nemleg fast at DNB Nor sine lånefinansierte strukturerte spareprodukt har vore i strid med god forretningsskikk. Sagt svært enkelt; bankkundar har blitt lurte av banken!

Ein reknar med at så mange som 150 000 nordmenn har tatt opp lån, og putta pengane i spareprodukt med løfte om at her skulle det vere så godt som umulig å tape pengar.  Men visst var det mulig! Dine Penger har anslått at kundane kan ha tapt omlag 14 milliardar kroner.

Bankklagenemnda slår altså fast at DNB Nor har handla i strid med god forretningsskikk, og må betale kunden sin. Problemet med nemnda er at bankane ikkje MÅ følge vedtaka som blir gjort der. Ikkje overraskande derfor at DNB Nor sa at dei ikkje ville følge nemnda sitt vedtak.
Kommunikasjonsdirektør Trond Bentestuen uttalte at banken vanlegvis følgjer vedtaka i bankklagenemnda, men at dei denne gongen vel ikkje å gjere det. Han kunne like godt ha sagt at: Vi skulle gjerne ha følgt vedtaket i bransjen si eiga nemnd. Men, uff. Dette blir nok for dyrt for oss!

Banken har nemleg selt slike produkt i ei årrekke og det er altså tusenvis av nordmenn som kan ha krav på milliardar av kroner. Dermed er det ikkje småtteri banken risikerer å måtte punge ut med.

Men det er heller ikkje småtteri bankkundane har tapt. Tusenvis av nordmenn har tapt pengar som svært mange av dei skulle spare til pensjonsalderen sin. For dei er det ikkje berre å trekke på skuldrane og seie; Uff, dette blei visst litt dyrt!

Derfor er det bra at Forbrukarrådet no varslar at dei vil støtte bankkundar i ei rettsak, om naudsynt heilt til topps i rettsapparatet.


Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/7132791

hits