Viser du trynet ditt her.....

No er det 15 år sidan første gong TV 2 hjelper deg gjekk på lufta.
Programmet er dermed det lengstlevande forbrukarprogrammet på norsk TV og det eldste TV 2-programmet.
Mange forbinder nok programma våre med konflikt. For det er slett ikkje alle som har sett pris på å komme i vårt søkelys. "Du kan vise trynet ditt her, da skal jeg vri huet av deg", var den klare beskjeden vi ein gong fekk på telefonen. Fleire gangar har vi blitt kasta på dør.
Men eg huskar like godt alle dei som har fått hjelp. Smilande og glade fordi dei har fått retta opp feil og manglar på huset sitt eller heva kjøpet på "mandagsbilen". Eller ansiktet til Torvald då Acta gjorde heilomvending og han fekk tilbake godt over 600 000 kroner! Den saka kan du sjå på TV2hjelperdeg.no.
Og torsdag 16. april kl 2030 får du sjå fleire glimt frå dei 15 første åra våre.

15 år er lang tid, men det er ingenting som tyder på at det ikkje er bruk for oss lenger. Kvar einaste veke er det fleire hundre nordmenn som tar kontakt med oss. Dei kjem med innspel til produkt vi bør teste, tips til saker og veldig mange er fortvila eller sinte kundar som føler seg lurte.
Denne veka kan vi for eksempel fortelle at så mange som 20 000 bobileigarar kan bryte lova utan å vite om det, og at City Taxi tok seg tre gangar betalt for same drosjetur!

Tips oss du også. Kanskje er det akkurat di sak vi tar tak i neste gang?
Epostadressa vår er: hjelperdeg@tv2.no

Kommentarer:
Postet av: Sigve

Dere gjør en uredd og viktig jobb! Stå på videre!

20.04.2009 @ 10:11
Postet av: Martin

Hei!Vil berre takke for eit flott program, i tillegg til å sende programleiaren ei rose for flott dialektbruk (og nynorsk i bloggen sin). Ikkje alt for ofte at programleiarar i reklamekanalen TV2 (og i Noreg generelt) har så klingande og flott språk. Stå på vidare!

21.04.2009 @ 00:29
Postet av: Solveig

Takk for hyggelig tilbakemelding, begge to!

22.04.2009 @ 10:11

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/8423712

hits