Eg er treig.

Eg innrømmer det. Eg er treig. Eg er rett og slett seint ute. Det er sjølvsagt berre latskap. Det er nemleg typisk at ein ikkje gjer noko med dette før det går gale. Men no har eg tatt meg på tak. Eg har gjort det. Eg har skaffa meg bankkort MED chip.
Eg har nemleg lenge brukt bankkort som berre har magnetstripe. Det er dumt, for det er lett å misbruke og det finst altså eit godt og sikrare alternativ; bankkort med chip.

Det manglar nemleg ikkje advarslar:

Finansnæringens hovedorganisasjon: Avansert svindel med bankkort er avslørt
Butikker av forskjellig type har blitt rammet av organisert svindel hvor kortkunders informasjon har blitt kopiert fra magnetstripen.

Forbrukerrådet: Unngå kortsvindel ? bytt til chip

Teknofil: Ble svindlet for 30 000

Dagbladet: Alarm fra bankene - ny storsvindel med VISA-kort.

Og sjølvsagt også TV 2 hjelper deg: Teiper over chiphullet.

Dessutan er det like godt å innsjå at det berre er nokre få av oss som ikkje følger med i tida. I følge banknæringa har 70 prosent av alle bankkort chip. Så kom igjen folkens! Gjer det litt vanskelegare for dei som gjerne vil svindle oss - skaff deg bankkort med chip! Så gjenstår sjølvsagt det aller viktigaste i praktisk bruk; sørg for å bruke chip, og la magnetstripa kvile.

Alt om testar og forbrukarsaker på TV 2 hjelper deg sine nettsider, TV2hjelperdeg.no 


Sunt forslag?

Dagligvarebransjen meiner Stortinget bør kutte momsen på frukt og grønt. Då blir varene billegare, vi spiser meir frukt og grønt, og vips blir nordmenn eit sunnare folkeferd. Det høyres jo fornuftig ut. Eller?
Dagligvarebransjen har rett og slett omsorg for helsa vår. Eller?
Bananane vil koste 20 kr/kg i stadenfor 23 kr, og ein familie kan spare opp mot 700 kroner i året. Alt sammen i følge Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon, HSH. Det hevda dei på TV 2-nyhetene i går.

Forbrukarrådet er skeptiske. Med god grunn spør du meg. 
Frukt og grønt er god butikk. Kvart år blir det omsett frukt og grønt for 11 milliardar kroner, berre 1,5 av dei gjekk vidare til staten som moms. 
Dessutan; ein har prøvd å kutte i matmomsen tidlegare, utan at det kom oss forbrukarar til gode i særleg lang tid. I 2001 vart matmomsen halvert, men ei undersøking SIFO utførte viste at det kuttet snart var spist opp og prisane tilbake til gammalt nivå. Kor hamna dei pengane? Hos andre aktørar i kjeden, i følge Forbrukarrådet. I alle andre lommar enn forbrukarane sine, i alle fall!

Det er naivt å tru at dagligvarebransjen fremmar eit slikt forslag først og fremst med tanke på folkehelsa. Dei er sjølvsagt mest opptekne av omsetning og inntening. Det er jobben deira. I praksis betyr framlegget at staten skal subsidiere dagligvarebransjen, ikkje helsa vår. Det er neppe vel brukte pengar.

Dersom dagligvarebransjen er oppteken av helsa vår kan dei kutte prisar på frukt og grønt, dei kan markedsføre produkta betre og legge til rette i butikkane sine slik at vi plukkar med oss meir frukt og grønt. Alle desse tinga er dei flinke til med ei rekke andre produkt, enten det dreier seg om sjokolade eller vaskepulver.

Lytt til råda frå Forbrukarrådet. Lykke til!


Til å bli kvalm av

Alle har vel ein eller annan gong gripe til meir eller mindre drastiske og dumme verkemiddel for å bli brun. Du har sikkert høyrt historiene du også, eller kanskje du har opplevd det sjølv? Overdriven bruk av solarium. Høgfjellssol med sprengrødt ansikt som resultat. Orange, skjoldete og illeluktande etter sjølvbruningskrem. Smørt deg inn med jordnøttolje, eller "tropical oil" utan solfaktor. Eller begeistra sprunge ut i sola tidleg om våren utan solkrem for på ettermiddagen oppdage at sola nok tok meir enn du forventa.

Eg må innrømme at eg også har gjort slike tabbar. Jordnøttolje er ikkje å anbefale, for å seie det slik.....
Dei fleste av oss som har gjort dumme ting innen dette feltet, har likevel det til felles at vi ikkje har fått varige mein. (Bortsett frå litt fleire rynker..)

Men det finst måtar å bli brun på som bokstavleg tala er til å bli kvalm av.
Titusenvis av nordmenn har sett sprøyter med eit stoff som heiter melanotan. Stoffet er eit kunstig hormon, som i følge selgarane skal gjere deg brun, slank og kåt. Det dei ikkje fortel er at stoffet er ulovleg å selge og har ubehagelege biverknader. Fleire som har prøvd stoffet opplever at dei blir kvalme, svimle og får hovudpine. Kollega Line Victoria Husby er ein av dei som har prøvd melanotan, og i sendinga vår på torsdag fortel ho om sine opplevingar. 

Langt verre er det at stoffet også kan gi varige mein.
16 år gamle Julia fortel i TV 2 hjelper deg på torsdag at ho angrar på at ho prøvde stoffet, og at ho har fått pigmentflekkar. 
I følge eit stort medisinsk tidsskrift kan melanotan også føre til auka risiko for føflekkreft. Det kan du lese om her.

Det er fleire som sel dette stoffet via internett. Nordmenn står bak eit selskapet som hevdar å vere størst i Skandinavia. Dei held til i Estland. Torsdag 23. april kl 2030 tar vi opp jakta på selskapet.

Viser du trynet ditt her.....

No er det 15 år sidan første gong TV 2 hjelper deg gjekk på lufta.
Programmet er dermed det lengstlevande forbrukarprogrammet på norsk TV og det eldste TV 2-programmet.
Mange forbinder nok programma våre med konflikt. For det er slett ikkje alle som har sett pris på å komme i vårt søkelys. "Du kan vise trynet ditt her, da skal jeg vri huet av deg", var den klare beskjeden vi ein gong fekk på telefonen. Fleire gangar har vi blitt kasta på dør.
Men eg huskar like godt alle dei som har fått hjelp. Smilande og glade fordi dei har fått retta opp feil og manglar på huset sitt eller heva kjøpet på "mandagsbilen". Eller ansiktet til Torvald då Acta gjorde heilomvending og han fekk tilbake godt over 600 000 kroner! Den saka kan du sjå på TV2hjelperdeg.no.
Og torsdag 16. april kl 2030 får du sjå fleire glimt frå dei 15 første åra våre.

15 år er lang tid, men det er ingenting som tyder på at det ikkje er bruk for oss lenger. Kvar einaste veke er det fleire hundre nordmenn som tar kontakt med oss. Dei kjem med innspel til produkt vi bør teste, tips til saker og veldig mange er fortvila eller sinte kundar som føler seg lurte.
Denne veka kan vi for eksempel fortelle at så mange som 20 000 bobileigarar kan bryte lova utan å vite om det, og at City Taxi tok seg tre gangar betalt for same drosjetur!

Tips oss du også. Kanskje er det akkurat di sak vi tar tak i neste gang?
Epostadressa vår er: hjelperdeg@tv2.no

Ver utru du også!

Nordmenn er flinke til å jakte på gode pristilbod. Vi sjekkar prisar på dagligvarer, vi er blitt flinkare til å bytte mobilabonnement og bensinprisane er det mange som følger nøye med på.

Når det gjeld banken derimot, då er vi lojale inntil det idotiske.

Svært mange held seg til den lokale banken eller til ein av dei store bankane, heile livet. Dei sjekkar ikkje vilkåra, men aksepterer mengder med gebyr, høge renter på lån og lave renter på innskot. Misforstått lojalitet! Det er nemleg store summar å spare på å vere illojal mot gamlebanken din.

Finansminister Kristin Halvorsen oppfordrar oss til å vere utru mot banken. Og der er eg heilt einig med henne. Eg har faktisk vore utru sjølv, med stort hell! Eg flytta lønnskontoen frå min gode, gamle lokalbank som eg sette stor pris på, til ein gebyrfri bank. Det har eg spart fleire tusen kroner på.
 
I TV 2 hjelper deg torsdag  19. mars kl 2030, kan du sjå at du fort kan spare både 10 000 og 20 000 kroner på å vere illojal, og vi viser deg kor enkelt det er å bytte bank!


Nervøs stemning....

Vanlegvis er dei svært så sjølvsikre, men her om dagen var dei spakare enn vanleg.
Vi samla Finn Schjøll, Alex Rosén og Anne Kat Hærland til ei aldri så lita utfordring. Dei tre kjendisane selger nemleg sin eigen vin, men kor god kunnskap har ei egentlig?
Så dei fekk tre glas vin, eit av dei fylte vi med deira eigen vin. Men klarte dei å plukke ut den riktige i ein blindtest?
Eg kan fortelle at det blei litt av ei utfordring!

kjendisvinny


I glassa fekk dei tre nemleg sin eigen vin, ein av dei to andre sin vin, og sist men ikkje minst, ein vin som skulle likne mest mulig på kjendisen sine eigen vin.  Dermed blei det ei svært vanskeleg oppgåve! Du kan jo berre prøve blindtesting av vin sjølv....

Det spreidde seg raskt ei litt nersvøs stemning i lokalet  Særleg sprudlande Finn Schjøll blei svært nervøs for å velge feil. Han lukta, igjen og igjen. Han smakte, igjen og igjen. Han var veldig i tvil mellom to av vinane og ombestemte seg fleire gonger før han under sterk tvil valgte eit av glassa.
Alex Rosén brukte også lang tid. Han blei uvanleg, nesten oppsiktsvekkande taus under smakinga og til slutt måtte eg be han om å bestemme seg. Anne Kat Hærland var den tøffaste av dei tre, men også ho var i tvil.

Om dei besto testen? Sjå TV 2 hjelper deg torsdag 5. mars kl 2030, eller sjå innslaget på nettsidene våre

Der kan du også sjå nokre herlige klipp av desse tre som gir deg sine beste vintips.
Få også med deg den morsomme vintesten som blei sendt for 15 år sidan. Då var ein ikkje opptatt av smak, berre kalori-innhald!


Vræææl!

Eg har lært eit nytt fototips. Ikkje sei; "Sjå hit!" Men sett i gang med verdens største "VRÆÆÆÆÆL!".

Eit ganske nytt tilbod frå fotobutikkane er at du kan få kopiar av bildene dine på lerret. Vi ville teste kor stor skilnad det er på kvaliteten i desse tilboda, og sendte derfor inn dette bildet av vesle Mina.

mina

I tillegg ville vi sende inn eit bilde tatt av ein profesjonell fotograf, så eg tok turen til Dag E. Thorenfeldt for å bli fotografert. Du har sikkert sett bildene hans. Det er han som løftar folka han skal ta bilde av og som altså skriker til deg. Det er litt av ein effekt, kan eg fortelle! Eg skvatt skikkelig!
Thorenfeldt er også tilhengar av at folk bør hoppe meir på bilder. Derfor blei det litt trimming på meg under fotograferinga. "Kom igjen, Solveig! hopp!"
Her ser du det andre bildet vi sendte inn til 6 ulike fotoforretningar.

bilde 004

Resultatet av testen var overraskande. Det er store kvalitetsforskjellar på produkta frå dei ulike fotobutikkane. Både vi og fotoekspertane som har vurdert resultatet overraska over kor røde både Mina og eg blei på enkelte av bildene. Testen ser du i TV 2 hjelper deg torsdag 26. februar eller på nettsidene våre tv2hjelperdeg.no.
Der kan du også sjå og høyre vrææælinga til Thorenfeldt.....

At dei tør!

Eg har vore med på å lage reklamefilm! For eit helsekostprodukt, av alle ting.

Kvart år spiser vi nordmenn helsekost for 3 milliardar kroner. Trass i at norske helsestyresmakter meiner at det einaste vi treng er vitamin D i form av tran og folatsyre dersom du er kvinne i "fertil alder".
Likevel knaskar vi piller, reklamen lovar gull og grønne skogar og vitskapleg dokumentert effekt.
Og vi lar oss lure, for mykje av helsekosten har ingen helsebringande effekt på friske mennesker, og noko av det kan vere farleg!

Derfor ville vi i TV 2 hjelper deg vise kor enkelt det er å få folk til å kjøpe eit heilt verdilaust produkt. Det er her reklamefilmen min kjem inn i bildet. I reklamen for vidundermiddelet Energos får du vite at produktet "regulerer blodsukkeret, gir ekstra energi, bedrer din konsentrasjon, er helt naturlig og har en dokumentert effekt".
Akkurat passe vagt nok til at reklamen er lovlig og heilt sann. Det er berre det at pillene inneheld druesukker, og du kan seie akkurat det samme om ei brødskive eller ein klase med druer!

Trur du vi klarer å selge produktet vårt? Sjå TV 2 hjelper deg, torsdag 12. februar kl 2030 eller sjekk nettsidene våre tv2hjelperdeg.no.

Det var jo moro å lage reklamefilm, men ein ting har slått meg. Eg fattar ikkje korleis kjendisar torer å stille opp i reklame for meir eller mindre tvilsomme helsekostprodukt. At dei tør! Korleis kan dei vere sikre på at produktet er ufarleg, at det faktisk virkar, eller er noko som kroppen faktisk treng eller kan gjere seg nytte av?
Eg skjønnar det ikkje.


Uff, det blir nok for dyrt for oss!

Denne veka kom ei trist nyheit for DNB Nor, men ei glad melding til mange norske bankkundar.
Bankklagenemnda slo nemleg fast at DNB Nor sine lånefinansierte strukturerte spareprodukt har vore i strid med god forretningsskikk. Sagt svært enkelt; bankkundar har blitt lurte av banken!

Ein reknar med at så mange som 150 000 nordmenn har tatt opp lån, og putta pengane i spareprodukt med løfte om at her skulle det vere så godt som umulig å tape pengar.  Men visst var det mulig! Dine Penger har anslått at kundane kan ha tapt omlag 14 milliardar kroner.

Bankklagenemnda slår altså fast at DNB Nor har handla i strid med god forretningsskikk, og må betale kunden sin. Problemet med nemnda er at bankane ikkje MÅ følge vedtaka som blir gjort der. Ikkje overraskande derfor at DNB Nor sa at dei ikkje ville følge nemnda sitt vedtak.
Kommunikasjonsdirektør Trond Bentestuen uttalte at banken vanlegvis følgjer vedtaka i bankklagenemnda, men at dei denne gongen vel ikkje å gjere det. Han kunne like godt ha sagt at: Vi skulle gjerne ha følgt vedtaket i bransjen si eiga nemnd. Men, uff. Dette blir nok for dyrt for oss!

Banken har nemleg selt slike produkt i ei årrekke og det er altså tusenvis av nordmenn som kan ha krav på milliardar av kroner. Dermed er det ikkje småtteri banken risikerer å måtte punge ut med.

Men det er heller ikkje småtteri bankkundane har tapt. Tusenvis av nordmenn har tapt pengar som svært mange av dei skulle spare til pensjonsalderen sin. For dei er det ikkje berre å trekke på skuldrane og seie; Uff, dette blei visst litt dyrt!

Derfor er det bra at Forbrukarrådet no varslar at dei vil støtte bankkundar i ei rettsak, om naudsynt heilt til topps i rettsapparatet.


Nytt år, meir hjelp!

Vel overstått julefeiring til alle. Eg har hatt ei fin jul.  Svoren blei sprø, hyggelige treff med familie og venner og tur på ski blei det også. Eg har dessutan fått bytta julegåva som var i feil storleik, sjølv eg eg ikkje hadde byttekort eller kvittering å skilte med.

Så no er eg klar for ny TV 2 hjelper deg-sesong. Vi startar året med Helga som ikkje slapp inn i Russland fordi reiseselskapet oversåg feil i visumet. Dermed måtte ho vere eit traumatisk døgn på flyplassen i St. Petersburg. Du får også møte Margarita som kjøpte leiligheit full av muggsopp, USBL tar omsider ansvar for skadene. Likevel trugar dei utruleg nok med å kaste henne ut av leiligheita!
Årets første test er av varmeposar til barn. Eg er overraska over resultatet: Ein av posane tok faktisk fyr etter berre eit sekund!

Alt dette kan du sjå i TV 2 hjelper deg torsdag 8. januar kl 2030. Eller du kan sjekke nettsidene våre: tv2hjelperdeg.no.

Og har du ei sak som du irriterer deg over, kanskje du treng hjelp eller rett og slett har kome over ei morsom sak du har lyst til å tipse oss om? I TV 2 hjelper deg prøver vi å leve opp til namnet vårt. Derfor: Skriv til oss!
Nytt år og nye sjansar for at vi tek opp akkurat di sak.

Mislykka julegåve?

Det er vel ikkje til å unngå. Alle har ein eller annan gong fått ein altfor stor gensar, eller for liten pysjamas, tre utgåver av samme bok eller ein CD som slett ikkje passar inn i din musikksmak.

Då er det jo berre å bytte gåva, trur du kanskje. Så enkelt er det faktisk ikkje. For det er inga lov som gir deg rett til å bytte ei feilfri vare kjøpt i vanleg butikk. Likevel; svært mange bransjar har praktisert bytting av julegåver så lenge at det har blitt ein slags sedvane at du kan få bytte den ikkje heilt vellykka julegåva.
Likevel er det lurt å å be om byttekort. Då har du inngått ein avtale om retten til å få bytte produket.

Uansett er det ein del klare føresetnadar for å få lov til å bytte gåva.
Den må vere ubrukt, uskadd, og emballasjen bør vere intakt. Poenget er at butikken skal kunne selge vara etterpå.
Dessutan kan du berre be om å få bytte produktet med eit anna, eventuelt kan butikken gå med på å gi deg ein tilgodelapp. Du kan ikkje kreve å få pengane "tilbake".

Det aller beste er sjølvsagt å sørge for at mottakaren blir fornøgd med gåva. Legg omtanke i julegåvekjøpet!  Du  finner tips til gode julegåver i testbasen vår.

Til alle sjåarne våre ønskjer eg riktig god jul og håpar at vi sjåast på nyåret. TV 2 hjelper deg er på lufta igjen 8. januar, i mellomtida håpar eg at du tipsar oss om gode saker. Adressa vår finner du her.

God jul!

Kom igjen: Klag!

Forbrukerrådet har gjennomført ei undersøking om kva forhold vi forbrukarar har til elektronikkbransjen. Resultatet er ikkje overraskande, men likevel skuffande.

Mange lar vere å klage på mobiltelefonen, sjølv om vi meiner at det er ein feil på produktet som produsent eller seljar har ansvaret for. Litt rart kanskje når Forbrukerrådet samtidig avdekkar at dersom du tar deg bryet med å reklamere, så er sjansen stor for at du får medhald!

Kva er årsaka? Mangel på tillit, meiner Forbrukerrådet. Kvar tredje forbrukar seier nemleg at dei har liten eller svært liten tillit til bransjen.

Konsekvensen er at i stadenfor å reparere mobilen, så kjøper vi ein ny.  Eg er ikkje overraska. Klagestraumen på mobiltelefonar i innboksen til TV 2 hjelper deg har gått drastisk ned dei siste åra. 

Vi menneske er enkle; vi vil gjerne ha det nyaste nye. (I fjor kjøpte vi nordmenn 2,3 millionar mobiltelefonar!) Dessutan blir vi møtt med trussel om gebyr når vi kjem for å klage på mobilen vår. I TV 2 hjelper deg fortalde vi for nokre veker sidan om korleis gebyr er med på å undergrave reklamsjonsretten. Les meir om det her.
For kva skjer når du vil klage på ein mobil som ikkje fungerer som den skal, du meiner at du IKKJE har gjort noko gale med telefonen, men får likevel klar beskjed; Vi skal undersøke telefonen din, men dersom vi meiner det er din feil at telefonen ikkje virkar eller den har ein fuktskade, så må du betale undersøkelsesgebyr for å få den tilbake?
Ja, då forsvinner tilliten til både bransjen og reklamasjonsretten.

Det kan kanskje bransjen leve med, for konsekvensen er jo at dei sel enno fleire mobiltelefonar?

Miljømessig er det derimot heilt håplaust: ei oppfordring til bruk og kast, som fører til unødvendig forureining, avfall og forbruk.

Så kom igjen; klag! Bruk reklamasjonsretten din, sjansen er stor for at du får medhald! 

Her kan du lese meir om undersøkinga til Forbrukerrådet .

Køyre bil som tante Turid?!

Vi i TV 2 hjelper deg likar å gi nyttige råd til folk som ser programmet vårt. Når finanskrisa er over oss og bensinprisane er høge, kva er vel meir naturleg enn å sette fokus på økonomisk bilkøyring?

Det er nemleg mykje pengar å spare på å lære seg å køyre litt meir økonomisk når du er på biltur. Miljøvenleg er det også. Og du kan faktisk gå på kurs for å lære det!

Vi fekk med oss entusiastiske Jan Erik Larssen  i eit forsøk på å lære han å køyre slik at han kan spare pengar og miljøet. Men den til vanleg positive og entusiastiske kollegaen min, var uvanleg skeptisk då han stilte til kursing i økonomisk køyring. Han er nemleg opptatt av køyreglede må vite, og er redd for å køyre bil "som tante Turid".

Vel herr Larssen kan komme til å bli overraska! Sjå TV 2 hjelper deg torsdag 6. november kl 2030. Der får du både sjå korleis det går med Larssen, og lære deg nokre tips om økonomisk køyring.

Vi blir lurte!

Eg har opplevd det sjølv.
Vi skulle kjøpe ny TV. Greit nok, vi valde ein som fungerer heilt fint til vårt bruk.
Så kom spørsmålet om kabel. Seljaren var ikkje i tvil: - Du må ha ein HDMI-kabel og det er nok lurt å velge ein med skikkelig god kvalitet. Det vil du merke på bildekvaliteten. Ingen grunn til å bruke mange pengar på ny TV, dersom du "ødelegger alt" ved for dårleg kabel.
Argumenta frå seljaren var mange, og eg tenkte som sikkert mange gjer; "Kvalitet kostar".

Men er no det så sikkert? Går det an å sjå forskjell på bildene ut i frå kva kabel du koplar til TVen?
Forskjellen i bildekvalitet bør nemleg vere ganske stor, for prisforskjellane er enorme!

Dette ville vi finne ut av. Vi kjøpte fleire kablar, der prisane varierte mellom 139 kroner og nesten 1700 kroner. Så fekk vi ekspertar til å studere bildekvaliteten. Trur du dei såg forskjell på bildene? Trur du dei kunne fastslå kva TV som var kopla til ein dyr kabel og kven som hadde ein billig kabel?

Og kva med seljaren av den dyre kabelen? Trur du han klarte å finne ut kva TV kabelen hans var kopla til?

Tru meg: Vi blir lurte!

Sjå kva resultatet av vår "blindtest" i TV 2 hjelper deg torsdag 23. oktober kl 2030.

Til kamp mot gebyret!

Kall det gammaldags eller konservativt. Nokre vil kanskje ta i bruk ordet miljøvenleg. Eller kva med kverulant? Kall det kva du vil.

Då mobiltelefonen til 15-åringen min ikkje virka som den skulle synes eg det var viktig at den skulle leverast inn til reparasjon. Mobilen var ikkje to år gamal, og eg synest vi skal prøve å lære ungane våre at ein skal prøve å reparere ting, før ein kjøper nytt. Eg innrømme gjerne at eg ikkje alltid klarer å leve opp til dette synet, men "bruk og kast" er tross alt ikkje ei god lære.

Så vi troppa opp på Elkjøp med mobilen for å reklamere. Så vidt eg veit har ikkje mobilen blitt kasta i golvet, men berre blitt utsett for for vanleg tenåringsbruk. (Som sjølvsagt kan vere tøff nok....) Tja, seier dei i "reklamasjonsluka" til Elkjøp, det er nok ein fuktskade og då er det kundens eigen feil. Ein reparasjon ved fuktskade vil nok ikkje lønne seg. Og; dersom vi finner fuktskade må de betalte eit undersøkelsesgebyr.

Kva skjer når du står i ein slik situasjon? Jo, 15-åringen vil meir enn gjerne ha ny mobil og mor vil ikkje risikere å betale både gebyr og ein dyr reparasjon og til slutt også ny mobil. Undersøkelsesgebyret blir ei sperre mot å reklamere, og i staden kjøper du nytt produkt. Eg ser ikkje vekk frå at i mobilen i vårt tilfelle hadde fått for tøff behandling av 15-åringen, og er i så måte kanskje ikkje noko godt døme. Likevel set det fokus på eit viktig poeng: Korleis kan du som forbrukar bevise at du ikkje er skyld i skaden på eit produkt? Svaret er som regel: Det kan du ikkje! Dessutan risikerer du også å betale gebyr dersom dei meiner det ikkje er feil på produktet.  
Dermed står du der med valet om å la vere å reklamere eller å sende produktet inn til verkstad og kanskje måtte betale fordi dei meiner du er årsaka til feilen eller at det ikkje er feil på produktet i det heile tatt!

Dette synest vi i TV 2 hjelper deg er urimelig. Og vi er ikkje åleine. I Danmark har Forbrugerrådet satt i gang ein kampanje mot undersøkelsesgebyret.

Det danske Forbrugerrådet seier: "Undersøkelsesgebyrene uthuler den trygghet som reklamasjonsretten bør gi forbrukerne. Det er i de fleste tilfeller umulig for forbrukeren å bevise hva feilen på varen skyldes. Og forbrukeren har ikke frihet til å velge hvor den defekte varen skal undersøkes".
Resultatet av den danske kampanjen er så langt at fire butikkjedar har fjerna gebyra. Ein av kjedane er Elgiganten, det danske svaret på Elkjøp.  Les meir om den danske kampanjen her.

I Norge sit Forbrukerrådet foreløpig på gjerdet, derfor tar vi i TV 2 hjelper deg saka i eigne hender.
Vi har spurt over 30 butikkar og kjedar om kor mange reklamasjonar dei får kvart år, og i kor mange av desse tilfella kunden må betale eit undersøkelsesgebyr.  I løpet av oktober vil vi offentleggjere på våre nettsider lista over kven som tar gebyr og kor høge desse gebyra er. Vi vil sjølvsagt også fortelle kva butikkar som ikkje tar gebyr.
Du kan lese meir om kampanjen her.
Har du opplevd å måtte betale undersøkelsesgebyr? Vi vil gjerne høyre di historie. Skriv til reporter Lene Dreyer; lene.dreyer@mastifftv.no.

Og på nettsidene våre er debatten alt i gang. Kva synest du om dette gebyret?

Opp under taket

Det er ikkje det at eg har høgdeskrekk, men........

For nokre dagar sidan var eg ute på opptak. TV 2 hjelper deg skal teste espressomaskiner, og eg hadde tatt turen til eit av Oslo-bygdas største kaffelager for å filme. Store mengder med kaffesekkar kjem inn til Oslo i containarar og sekkane blir ei kort tid lagra på svære pallar, før kaffen blir brent, malt, pakka og sendt ut i butikkane til oss kaffedrikkande nordmenn.
Det var altså på dette lageret at ideen kom. Kva om Solveig kunne sitte oppe på toppen av ein slik pall? Ideen var ikkje min, for å seie det slik, men sporty må ein jo vere, eller?

Truck-føraren var meir enn villig til å hjelpe, og eg blei beordra opp på ein tom pall. Lett skjevlande satte eg meg ned, og vips var eg langt opp under taket! Enno meir skjelvande klatra eg over på haugen av kaffesekkar, og eg var lynrask til å sette meg ned på toppen av haugen.
img0263

Det ser sjølvsagt ikkje ut som om dette er så veldig høgt over bakken, men det er høgt nok, tru meg!

Fotografen min var veldig begreistra over situasjonen, og filma med eit stort smil heile prosessen. Det er kanskje ikkje så rart når eg både på veg opp og ned med trucken, kom med nokså typiske jentehyl. Litt pinleg, men fotograf Tor synest det var underhaldande og har nok spart ein kopi til årets julebordsvideo!

img0258

Eg håpar for min del at nokre av bildene frå den luftige ferda kan brukast i TV-innslaget også. Då vil du nok berre få sjå bildene av meg sittande heilt i ro på toppen av pallen med kaffesekkar. Versjonen med den lett nervøse og småhylande programleiaren kjem eg nok til å sensurere!

Test av espressomaskiner ser du i TV 2 hjelper deg torsdag 9. oktober.

Pengerådet

Renta har auka, matvareprisane gått opp og bensinprisane er eit hett tema rundt omkring i landet.
Det er nokon kvar av oss som kan trenge gode pengeråd!
Det får du i TV 2 hjelper deg denne hausten.  Våre ekspertar gir råd; korleis spare pengar på straum, husholdning, lån og forsikring. Kort sagt: korleis få oversikt og kontroll over økonomien, korleis få meir å rutte med.

Ver ærleg: Har du oversikt over kor mykje du brukar på mat kvar månad? Eller kor store utgiftene dine til forsikring og lån er fordelt på kvar månad? Ved å skaffe seg ei sikkelig oversikt over din eigen økonomi kan du spare mykje pengar og dermed få meir å rutte med til ferie eller rett og slett spare til uforutsette utgifter.

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg må innrømme at rekneskap over matutgifter, strøm og forsikringar ikkje står øverst på lista mi over morsomme arbeidsoppgåver. Kanskje eg likevel skal gå laus på oppgåva?

Sjå det første Pengerådet i TV 2 hjelper deg torsdag 11. september kl 2030 så kanskje du også kan bli inspirert!


Gyldig billett?

Frå 1. juni var det heilt slutt på gamaldagse flybillettar på papir. No er det elektronisk billett som gjelder!

Det høyres jo enkelt ut. Det er greit å sleppe alt styret med papirbillettar. Men kan du stole på dette systemet?
Marerittet må vere å komme til flyplassen på vei til sjølve drømmeferien, for så å få beskjed om at du ikkje er registrert som passasjer på flyet. Det hjelper ikkje eingong at du står der med med utskrift av billettbekreftelsen. Akkurat dette opplevde Øyvind Lahn og dattera hans då dei skulle på ferie til Thailand i vinter.

Dei fekk klar beskjed om at dattera ikkje var registrert på passasjerlistene, då hjalp det ingenting at dei hadde bekreftelse frå reisebyrået at billettane var bestilte og betalte. Siste utveg for å komme med flyet var å punge ut med ny billett til 14 000 kroner!

Spørsmålet er; kan du ikkje stole på reservasjonsbekreftelsen? Jo, seier Rolf Forsdahl i Handels-og servicenæringens Hovedorganisasjon. - Står du med gyldig billett i hånda, skal du ikke bli avvist. 
Korleis kunne då British Airways kreve at Øyvind Lahn måtte kjøpe ny billett?

Sjå korleis det går med saka i TV 2 hjelper deg torsdag  4. september kl 2030, eller les meir her

Tips oss gjerne om du har opplevd liknande! Send oss ein epost: hjelperdeg@tv2.no

Handverkarar i huset

Eg har handverkarar i huset for tida.
Det fører til at huset er fullt av støv og det er rotete over alt. Tørketrommelen står midt i stua og frysaren i garasjen. Ein situasjon eg slett ikkje er så glad for, men eg har jo bedt om det så eg kan ikkje akkurat klage. Dessutan stiller handverkarane opp til avtalt tid kvar dag og det ser ut til at resultatet blir bra.
Då er det langt verre for ein familie du får møte i TV 2 hjelper deg no på torsdag.

Tenk deg følgande situasjon; du har betalt 400 000 kroner for å få satt opp ein garasje. Utanfor huset ditt står det eit slags reisverk, men bygget er langt frå ferdig og jobben som er gjort er dårleg utført.
Snekkaren likar dårleg at du klagar på jobben, ja så dårleg at  han seier at dersom du ikkje fortelle historia på TV så skal du få behalde helsa.

I sendinga vår får du også høyre om endå ein garasje som står  halvferdig. Historiene har ein ting felles: begge selskapa som skulle sette opp garasjen er såkalla NUF-selskap. NUF står for Norskregistrert utenlandsk foretak. Det er ei organisasjonsform som har blitt svært populært dei siste åra. Dei er mellom anna kjenneteikna ved at dei er lette å opprette, men også lette å slå konkurs.

Korleis det går med garasjebyggarane ser du i TV 2 hjelper deg torsdag 28. august kl 2030.
Du kan også lese meir om saka på tv2hjelperdeg.no



Så skjedde det igjen!

Det har skjedd meg før, og det er utruleg irriterande!
Eg veit jo at det kan skje, og til vanleg er eg veldig påpasseleg. Men no er det fleire år sidan det skjedde meg sist.
Men no har det altså hendt igjen.

Eg snakkar om eit litt for tett møte mellom minibakkortet mitt og dameveska med magnetlås......

Det er nemleg slik at magnetstripa på slike kort kan bli ødelagde av magnetar. Då blir det avmagnetisert. Konskvensen er at når du skal betale for eit brød, to liter melk og middagsmat i butikken så står du der med eit kort som ikkje virkar. Når du i tillegg er utan kontantar og berre har eit mastercard du ikkje kan koden til........ Pinleg!

Til vanleg har eg kortet fint plassert i lommeboka, trygt verna frå mobiltelefonar og magnetlåsar på damevesker. Akkurat denne dagen sto eg med kortet i handa, klar til å betale for matvarene mine. Eg skulle berre legge noko ned i veska, og det var då det skjedde! Eg svinga det ubeskytta minibankkortet mitt elegant forbi magneten plassert midt på veska. Det gjekk som det måtte gå.
Kortet virka ikkje! Etter diverse litt nervøse forsøk, fekk eg heldigvis betalt matvarene med VISA-delen av kortet, så eg slapp å legge matvarene tilbake i hyllene.

Eg har lært tre ting av dette: 
1 - ha meir enn eit minibankkort eller kort med kode.
2 - Ikkje ha vesker med magnetlås
3 - du sparer pengar på ikkje å ha minibankkort.......

Likevel; med nytt bankkort i trygt i lommeboka går vel turen til veskebutikken, for å finne ei veske utan magnetar.

Har du tips til korleis ein kan unngå avmagnetisering av bankkort?

Ein heilt vanleg dag på jobben?

Det er morsomt å jobbe i TV 2. Spennande arbeidsoppgåver og trivelige kollegaer. Men av og til hamnar eg i situasjonar som gjer at eg lurer eg litt på kva det er slags jobb eg har.

I forrige veke skulle vi ta pressebilder av meg før ein ny sesong med TV 2 hjelper deg.  Litt sminke, eit par klesskift og ein god fotograf. Det går greit.
I tillegg tar vi bilder av meg i lag med diverse produkt som har vi planar om å teste i løpet av hausten. Desse bilda ser du gjerne igjen i TV-oversikta i aviser og blad. Då held eg opp produkt av ulike slag, smiler og føler meg nokså dum; det føles litt som eg reklamerer for mobiltelefonar eller regntøy.

Men kva skjer når vi skal ta bilde av meg og ein sovepose...inne?
Følgande situasjon: Eg må klatre opp på ein smal, høg disk, krype opp i ein glatt sovepose, legge meg ned, smile og prøve å sjå heilt naturleg ut. Min gode kollega Therese ville meir enn gjerne hjelpe meg opp på benken og dra igjen glidelåsen på soveposen. Latterbrøla frå henne og fotografen stadfestar det eg er klar over; det ser fullstendig idiotisk ut! Med eit litt stivt smil nervøs som eg er for å rase i golvet med eit brak, blir bildet tatt og mens vi ler godt alle tre hjelper Therese meg ned og ut av soveposen.

Det høyrer med til historia at vi etterpå gjorde det einaste logiske; gjekk ut for å ta bildet i meir naturlege omgivelsar.
Så no er bildene i boks - berre vent til du får sjå bildene av meg med drill!!

tull 2871
Slik såg det heile ut.

Mystiske telefonar

Det hender seg at eg får uventa eller telefonar litt utanom det vanlege. Det kan vere folk som har ringt feil, eller det hender eg får telefon frå folk som vil fortelle meg om ei sak dei gjerne vil at TV 2 hjelper deg skal sjå nærmare på.
Det er ikkje slike telefonsamtalar eg tenker på. For i sommar har eg fått nokre merkelege oppringingar. Fleire gonger har mobiltelefonen min blitt oppringt frå eit superlangt nummer.  Dei første gangane registrerte eg det berre som tapte anrop og var i ferd med å ringe opp igjen, men så oppdaga eg at nummeret var langt og lenger enn langt. Dermed lot eg vere å ringe tilbake. Eit ukjent utanlandsk nummer gjorde meg svært skeptisk. Du blir nemleg litt skeptisk av å jobbe med TV 2 hjelper deg!

Denne gangen med god grunn kan det verke som. Aftenposten fortel at du KAN bli svindla dersom du ringer tilbake til enkelte slike nummer. Opplegget er at  dersom du ringer tilbake kan du bli kobla opp mot ein satelitt-telefon og det kan koste deg dyrt. - Eit velkjent opplegg, seier Paal Bjønnes frå Forbrukarrådet til Aftenposten. (Les meir om dette hos Aftenposten)

Enno meir skeptisk blei eg då eg i rein vanvare svarte mobilen då det ringte frå nok eit superlangt nummer. Langt borte høyrte eg stemmer som snakka eit heilt uforståeleg språk. Eg må innrømme at ordet "Nigeria-svindel" dukka opp i mitt skeptiske TV 2 hjelper deg-hovud. Men om dette var tilfeldige feiloppringingar eller eit forsøk på å lure meg, det er veit eg ikkje. Om eg har blitt lurt vil vel vise seg på telefonrekninga!

Har du opplevd liknande?

Antenne-hår

Det har blitt diskusjon i familien. Kva skal vi gjere når TV-signala går i svart på hytta? Kanskje kan vi klare oss utan TV no når dei gamle TV-mastene blir skrudde av? Eller kanskje det er nok med NRK? Vi treng vel berre å sjå litt nyheiter, ellers ingenting?

Berre NRK er sjølvsagt heilt uaktuelt for ein TV 2'ar. TV 2 må vi ha. Dermed var det ingen veg utanom; RiksTV blei bestilt. I følge reklamen er det veldig enkelt. Det er berre å plugge tre kontaktar, sette i gang eit søk og dermed er kanalane på plass!

I starten såg det ut til at alt skulle gå greit. Men sjølvsagt var det ikkje så enkelt. "Ingen adgang" dukka opp på skjermen då vi prøvde å få inn TV 2. Faktum er at den einaste kanalen vi kunne sjå var NRK.
Dermed var det berre å ringe Riks-TV sin kundetelefon, som svarte straks og var veldig  positive: Dette skulle dei ordne i løpet av ein halv time. Så enkelt var det nok ikkje - og eit lite øyeblikk såg eg for meg reklamen - måtte vi ty til antenne-hår på eit av familiemedlemmane for å få sjå TV?

 Rett skal vere rett; etter diverse telefonar kom TV-signala på plass i løpet av helga. Og familien kunne skru av TV'en for å gå ut og nyte sola!

Men det er merkeleg at når du skal abonnere på TV-kanalar så kan du ikkje velge kva kanalar du vil kjøpe, men må kjøpe ei heil pakke, sjølv om du kanskje berre er interessert i halvparten av desse kanalane.
Abonnerer du på Aftenposten, treng du ikkje kjøpe Dagsavisen, VG og Budstikka i tillegg, ja du treng ikkje eingong kjøpe Aften. Sett med forbrukarauge er det ei merkeleg ordning.

Kva synest du?

Tips oss!

TV 2 hjelper deg-sesongen er over. Neste gang du ser oss på lufta er i august.
 - Du har vel ferie du då, spør folk meg.
Til det brukar eg svare litt spøkefullt at  eg skal sitte på kafe og drikke kaffe med Roald Øyen frå NRK. Mange trur jo at han har fri bortsett frå til jul og påske. Du veit påskenøtter og julenøtter........

Slik er det nok ikkje. Ikkje for Roald Øyen og ikkje for meg. I TV 2 hjelper deg-redaksjonen har vi rett nok litt rolegare dagar akkurat no, men ferie har vi ikkje! Vi er i full gang med nye saker. Til dømes er vi på jakt etter ulike familiar som gjerne vil få orden på privatøkonomien. Korleis få meir pengar å rutte med no når renta aukar? Kunne du tenke deg å vere med? Les meir om det her.
Dessutan er vi i gang med å planlegge kva produkt vi skal teste til hausten. Bør vi teste barnevogner, parkdressar, heimekinoanlegg, videokamera, kompaktkamera, mobiltelefonar, drill, koffert, steikepanner eller bilar? Eller kanskje heilt andre produkt? Kva synest du? Tips oss gjerne!  Send oss ein epost til hjelperdeg@tv2.no.

Eller er du kanskje oppteken av heilt andre typar saker? Er det noko som irriterer deg, noko du lurer på eller trenger du hjelp?
Vi er klare til å ta i mot dine forslag. Skriv då vel!

Dyrare enn du trur!

Flybillettar er billige. Det er i alle fall det flyselskapa vil at vi skal tru.
Reklamen lovar oss sommar og sol berre ein kort flytur unna, og prisen? Den er er berre 299,- eller kanskje heilt nede i kroner 99,-. For godt til å vere sant?

Det kan virke slik, for det er neimen ikkje lett å få tak i slike billige billettar. Har du klart det nokon gong?

Dessutan er det slik at sjølv om prisen kan virke låg, så dukkar det likevel opp ulike tilleggsavgifter undervegs. 
Du må betale berre for å få lov til å sjekke inn, så må du betale for innsjekking av bagasje og for spesialbagasje. Og kor gammalt er eigentleg eit barn?

I sesongens siste TV 2 hjelper deg ser vi nærmare på kva flyselskap som er verst i klassen på slike tilleggsutgifter. Du får vite kven det er torsdag 15. mai kl 2030.


Nei takk!

Du har sikkert fått spørsmålet du også.
Enten du har kjøpt deg ny mp3-spelar, nytt kamera eller ny mobil hos elkjøp eller ein av konkurrentane deira, så får du spørsmålet. "Vil du ha forsikring?"

Argumenta høyres forlokkande ut; då er du sikra dersom du skulle gjere ein klønete feil, f.eks miste mobilen i do. (Det er ikkje så lenge sidan vi i TV 2 hjelper deg fekk ein epost med ei slik historie.)

Då gjeld nemleg ikkje reklamasjonsretten, men fortvil ikkje, med forsikring får du reparert mobilen! Eller?

I TV 2 hjelper deg torsdag 13. mars får du møte Åslaug. Ipoden hennar slutta å virke. Lefdal elektromarked avviste reklamasjonsn hennar, fordi dei oppdaga ein bulk i ipoden. Forsikringssak, slo dei fast.

-Nei, svarte forsikringsselskapet; ingen samanheng mellom bulken og den tause Ipoden. Reklamsjonssak, meinte forsikingsselskapet.
Og der står Åslaug. Utan Ipod, men med butikk og forsikringsselskap som skuldar på kvarandre. Forsikringa skulle gi henne ekstra tryggleik, men det gav henne berre ekstra trøbbel.

Det er verdt å merke seg at Forbrukarrådet slår fast at dei færraste av oss vil ha nytte av ei slik produktforsikring.
Eg har i alle fall merka meg kva som skjedde så eg kjøpte Ipod og fekk samme spørsmålet:

" Vil du ha produktforsikring?" spurte unggutten i butikken, lett unnskyldande.
Nei, svarte eg med eit lite smil.
Han svarte lattermildt tilbake "Eg rekna med det, men du skjønnar at  vi er pålagt å spørre alle."

Sjå Åslaug si historie i TV 2 hjelper deg torsdag 13. mars kl 2030. Då testar vi dessutan brettspel og 83 pappvinar til påske!

Smakar du forskjell?

Nyleg var eg i butikken og fekk tilbod om å smake italiensk kildevatn. Det smakte godt det, men særleg miljøvenleg er det vel ikkje å frakte vatn frå Italia til Norge, med alt det gode vatnet vi har her til lands? Ikkje noko problem meinte mannen som prøvde å selge meg luksusvatnet. Det var nemleg frakta med tog til Norge frå Italia!
Eg blei ikkje akkurat overbevist. Tall frå Grønn hverdag viser at flaskevatn frå butikken krever 1500 gangar meir energi enn det vi tappar frå springen. Dei meiner at vi bør styre unna vatn importert frå utlandet.

Men vi kjøper store mengder flaskevatn. Vi er altså villige til å betale for vatn på flaske sjølv om vi kan tappe godt, friskt vatn heilt gratis frå springen. Årsaka til det er vel at det praktisk å ty til for folk som er på farten. Men smakar betre? Er flaskevatnet reinare enn springvatn?

Dette vil vi i TV 2 hjelper deg sjekke. Derfor har vi fått folk på gata til å teste vatn, både flaskevatn og springvatn. Dei som smakte fekk ikkje vite kva som var i glasset.
Vi har også fått analysert bakterieinnhaldet i vatnet. Kva vatn som falt best i smak hos folket, og kva som er reinast får du vite i TV 2 hjelper deg torsdag 28. februar kl 2030.


Blomster er ikkje blomster

Morsdagen og Valentinsdagen står for døra. Då kan det vere kjekt å overraske mor eller kjæresten med blomster.
TV 2 hjelper deg ville teste om det er stor skilnad i kvalitet frå butikk til butikk. Konklusjonen er klar: det er oppsiktsvekkande stor forskjell!
Enkelte leverte elendige varer. For det er ikkje kjekt å sende blomster til mor som visnar allereie første dagen. Roser skal vere friske og fine, ikkje mygla etter kort tid.

Lurer du på kva blomsterbutikk som kom best ut? Sjå TV 2 hjelper deg torsdag 7. februar kl 2030.


Sitte i kø

Det er for mange bilar på vegane rundt Oslo. Det er det ingen tvil om. Derfor er det mange av oss som sitter i kø i bilen vår på E18 eller E6, enten til eller frå jobb. Det burde vere unødvendig; kroppen vår har godt av ein rask spasertur til buss eller tog, det har miljøet både lokalt og globalt også.
Eg bur like ved toget, som tar ti-femten minutt til byen.
Derfor skulle ein jo tru at det går raskare med tog enn med bil? Det er slett ikkje alltid tilfelle. Som regel brukar eg nøyaktig like lang tid frå dør til dør, enten eg tar bil eller tog.
Ein kald, mørk og våt januarmorgon må eg innrømme at bilen ofte virkar fristande, i tillegg til at den bidrar til at eg rekk tidsskjemaet for heile familien på ettermiddagen.

I det siste har eg likevel fleire gongar tatt toget. Då har eg på vei heim opplevd noko litt underleg. Trafikken på E18 går faktisk like raskt eller tidvis raskare enn toget! 
Det er nemleg kø på jernbanelinja også. Det er så stor trafikk at toga står i kø for å komme inn til fleire av stasjonane. Det er dette fenomenet eg fleire gangar har opplevd den siste tida; Toget står og ventar på å køyre inn til Lysaker-stasjon, mens biltrafikken på E18 glir fint, om enn sakte forbi.

No er det forhåpentligvis lys i tunnelen, bokstavleg tala; Det arbeidast på spreng med eit nytt dobbeltspor, som skal gjere at fleire tog kan komme seg fortare fram utan forseinkingar.
Det er berre det at ting tar tid; dobbeltsporet frå Asker til Skøyen står ikkje ferdig før etter 2015.
Enn så lenge får vi velge kva kø vi vil sitte i.

Kom igjen!

Kom igjen! Har du lønnskontoen din i ein bank med høge gebyr og låg rente? Ja, betalar du banken for å få lov til å sette inn og ta ut pengane dine?
Du veit sjølvsagt at det er dumt, men du orkar ikkje gjere noko med det. Du trur det er vanskeleg og kva bank bør du velge? Og ikkje minst ; du har no halde deg til banken din i alle år.

Kom igjen! Det er enkelt, og du får betalt for å flytte pengane dine. Ei krone her og ei krone der. Det blir faktisk pengar av det.
Staten har oppretta ein nettstad; finansportalen.no, der du enkelt kan finne kva som lønner seg for deg.

Kom igjen! Gjer det!
Eg har gjort det og sparer eit par tusen kroner i året,........trur eg.

PS. På finansportalen kan du sjekke kva som lønner seg på forsikring også.

For godt til å vere sant?

Det er nytt år, med nye sjansar for oss alle.
Mange har planar om å slutte å røyke, slanke seg eller trimme meir.
Felles for alle slike nyttårsforsett er dessverre at det ikkje finst enkle løysingar. Du må sjølv gjere jobben og du må vere fast bestemt på å gjere den.

Du har sikkert sett reklame for fantastiske slankemiddel som lovar deg at dei skal hjelpe deg ned i vekt. I følge reklamen er det ingen tvil om at dei virkar. Det er vitenskapleg dokumentert,  må vite!

Forbrukarombodet slår no ned på slik slankereklame. Reklamen for tre produkt Reduxin, Wellex og Tonalin CLA, har alle fått stempelet villeiande. Ein sakkyndig person har vurdert slankemidla og slår fast at det ikkje er vitenskapleg dokumentert at desse produkta virkar slankande.
Selskapa bak dei tre produkta har derfor fått beskjed om at dei må stoppe denne reklamen. Det dreier seg om Nuform, Nutrilex AS, Hela Pharma Norge AS.

Dei er dessverre ikkje åleine om å love oss raske løysingar på utfordringar som kan vere svært så vanskelege. Derfor bør ein lytte til Forbrukarombod Bjørn Erik Thon; 
" All erfaring tilsier at man bør være skeptisk til påstander om at man kan bli slankere ved å spise piller eller andre slankemidler. "

Du kan lese meir om Frobrukombodet sitt pålegg her


God jul

Julehandelen er i gang. Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon reknar med ny rekord. I år også!
I snitt kjem kvar og ein av oss til å julehandle for 2860 kroner. Samla handlar vi for 45 milliardar kroner i desember, 13, 4 milliardar er direkte knytta til julehandelen.

Vi brukar med andre ord vanvittig mykje pengar.

Det er lett å oppdage når du tar turen til ditt nærmaste kjøpesenter. Mitt nærmaste kjøpesenter er i tillegg det største i Norge, og visstnok i Skandinavia også (eller noko slikt.) Det innebærer massevis av folk, køar og fulle parkeringshus.

Eg er med i denne vrimmelen av hektiske folk som hastar frå butikk til butikk og drar kortet gang på gang.
Då hender det at det dukkar opp ein litt uggen følelse: Vi burde ikkje bruke så mykje.

Det er ikkje bra for miljøet at vi kjøper så mykje ting vi strengt tatt ikkje treng. Det kan då ikkje vere riktig av oss å bruke så mykje på oss sjølve når det finst så mange både her heime og ute som ikkje klarer kvardagen?

Så sjølv om vi alle heilt sikkert kjem til å handle massevis av heilt unødvendige ting: Stopp opp eit lite øyeblikk og tenk deg om; treng eg verkeleg kjøpe dette?
Ver ein kritisk forbrukar - kritisk til ditt eige forbruk!

Så kan du med litt betre samvit nyte julefreden når den senkar seg over heimen.
Eg skal i alle fall prøve. Litt.

God jul.

Flaut

 

Eg er flau.

2 ganger flau.

 

For det første har eg budd i Bærum i nesten 20 år utan å ha vore på Kolsåstoppen ein einaste gong. For ein utflytta vestledning er det ei skam. Alle vestlendingar med respekt for seg sjølve, tar turen til fjelltoppane rundt bygda si. No kan det sjølvsagt diskuterast om Kolsåstoppen er ein fjelltopp. Sett med vestlandsauge er det meir enn liten knaus. Desto større skam ikkje å ha tatt turen.

 

Så då eg skulle lage TV-innslag om tur-GPSar, tok eg avgjerda; no skal det filmast på Kolsåstoppen. Men Kolsåstoppen er jo to ting ? Nordre Kolsåstopp og Søndre Kolsåstopp. Den Nordre er høgast, men Søndre er det kjente landemerket og har kanskje finast utsikt?

Kor er det finast å filme og lettast å gå? TV-utstyr er tungt!


Dette måtte eg finne ut av. Mandag kveld gjekk derfor turen til Nordre Kolsåstopp. Ein fin tur, i merka løype. Utsikta mot Oslo var flott! Men du all verda så fort mørkt det blir om kvelden i starten på oktober! (Tenk så pinleg om Røde Kors måtte henta meg ut i mørket! Eg kom meg heldigvis til bilen i god behald?)

  

Kva med Søndre Kolåstopp? Eg måtte sjekke denne også. Nok ein kveldstur. Dagen etter.

Flott ver, og dessutan starta eg turen litt tidlegare, for å komme meg tilbake før mørket senka seg. Søndre Kolsåstopp er nokre meter lågare enn naboen på nordre, men har desto flottare utsikt vestover.

Denne utsikta kan du sjå i TV 2 hjelper deg torsdag 18. oktober. Då får du også vite kva GPS du bør satse på til friluftsbruk. Sjøl om eg kan slå fast at du ikkje treng GPS for å komme deg til Kolsåstoppen............

 

For det andre er eg flau over TV 2-torget.

Dei ringer å plagar folk som reservert seg mot telefonsal. Har du f. eks. prøvd å selge bilen din på Finn.no, kan du rekne med at det ikkje går lang tid før du får ein telefon frå ein annonseseljar hos TV 2-torget som gjerne vil at du skal annonsere der også.

Det har dei altså ikkje lov til, så lenge du har reservert deg mot nettopp slike telefonar.

Vi syntes at sjefen for TV 2-torget skulle få smake sin eigen medisin.

Korleis det gjekk kan du sjå i TV 2 hjelper deg, torsdag 11. oktober kl 2030, eller på TV 2 Sumo.


Takk for hjelpa!

I går sendte vi TV 2 hjelper deg nummer 400. Det eldste forbrukarprogrammet på norsk TV hadde si første sending 6. april 1994.

 

Totalt har 193 153000 sett sendingane, eller i snitt 487 000 personar ? eit tall som er litt enklare å fatte?

Over 800 forbrukarsaker og minst 500 produkttestar. Hundrevis av forbrukarar har fått hjelp og endå fleire har lært kva rettar dei faktisk har. Sjølv om ikkje alle i næringslivet er like glade i oss, trur vi at dei har lært litt dei også.

 

Årsaka til at TV 2 hjelper deg har levd så lenge i landet?

 

Eg vil trekke fram eit enkelt element: Sjåarane våre!

 

Til sammen har vi fått over 100 000 brev/epostar og enno fleire telefonar med tips, forslag til saker, og fortvila rop om hjelp frå hus-, bil- og båtkjøparar. Utan at folk frå heile landet hadde stilt opp og fortalt si historie og tipsa oss om gode saker, ville TV 2 hjelper deg ikkje gått til 400. Så enkelt er det.

 

Så takk for hjelpa......så langt!

 

Har du tips til oss: hjelperdeg@tv2.no

Eller sjekk nettsidene våre: tv2no/hjelperdeg


Huskar du??

 




Det er kjekt å sjå på bilder av familie og vennar og mimre, enten det no er om sommarferien i år eller om "gamle dagar".

 

Før i tida tok vi bilder og når filmrullen var full leverte vi filmen til framkalling, og gledde oss til å sjå dei meir eller mindre vellukka bildene.

Dei flinkaste av oss sette så bildene inn i album. (Eller mamma gjorde det.)

 

Men tidene har endra seg.

 

No tar vi bilder i mengder. Kan sjå resultatet med ein gong. Men slett ikkje alle bildene blir framkalla og dei blir liggande på PC og dei færraste brukar album. Eller?

 

Tal frå Norsk Fotoråd viser at 9 av 10 brukar PC når dei skal vise fram bildene frå ferien eller av gullungane. Likevel: nesten halvparten brukar framleis fotoalbum. Ei av årsakene er at du no kan lage dine eigne bildebøker på nettet. Ferdige malar og grei programvare gjer at jobben blir enklare.

 

TV 2 hjelper deg har i samarbeide med DinSide.no testa fotobøker på nett. Kva som er best får du vite torsdag 13. september kl 2030.

 

PS

Mine sommarminner? Dei ligg trygt forvart på PCen. Men eg har planar om å ta ein back up i det minste. Og kanskje, kanskje lagar eg eit album på nett av dei aller finaste blinkskota!


Overvektig

 

 

Eg visste det jo. Kofferten ikkje skal vere tyngre enn 20 kilo. Men det var dette å lese alt på billettane.

 

Situasjon: kl 0515 på Oslo Lufthavn, Gardermoen ein laurdag tidleg i juli. Heile familien står trøtte, men glade i Norwegians innsjekkingskø. Vi skal på tur til utlandet. Utlandet der det er SOL! Vi er ute i god tid, og køen framfor oss er slett ikkje avskrekkande lang.

 

Fire kolli og fire passasjerar klare for innsjekking.

 

-         To kolli har dessverre overvekt, seier Norwegian-mannen venleg.

Reglane er visst slik at kvar passasjer i utgangspunktet kan ha med eit kolli på max 20 kg. Alt utover dette er overvekt. Så når ein familie på fire reiser sammen kan ein totalt ha med 80 kg. Vår familie hadde om lag 72 kg. Men hos Norwegian er det altså slik at dersom to kolli er på 25 og 25 kg hjelper det lite at dei to andre kollia er på ca 9 og ca 12 kg.

 

Heldigvis visste den morgonfriske og blide mannen i innsjekkingsskranken råd:

 

-         Kanskje du vil pakke om bagasjen?

 

Hm. Tenkte eg. Skal vi sjå. Klokka er kvart over fem om morgonen. Bak meg er innsjekkingskøen i ferd med å vokse, og mannen meiner i ramme alvor at eg skal dra sko, badehåndkle, truser og bøker utover golvet på Gardermoen. Hm. Ikkje fristande akkurat. Takk, men, nei takk!

 

Bagasjen blei sjekka inn. Ny kø hos Norwegian. 40 kroner pr kg overvekt ? 400 kroner takk!

 

Totalt kunne vi altså ha med 80 kg. Vi hadde med oss 72, og det måtte vi betale 10 kg overvekt for!

 

Kva eg har lært av dette? At det er lurt å lese alt med lita skrift hos flyselskapa og at det ikkje er lurt å ta med så mange bøker på ferie.

 

PS ? det høyrer med til historia at på heimturen var fire kolli blitt til fem, og at ein av koffertane framleis var på 25 kg. Utan at vi måtte betale overvekt av den grunn!


Ubedne sommargjester!

 

Sommargjester er eit kjent fenomen for mange. Nokre av gjestene er inviterte og hjarteleg velkomne. Andre derimot kjem utan invitasjon, dei er mange, innpåslitne, grrådige i matfatet og dei blir verande leeeenge.

 

Slike sommargjester har eg hatt på besøk i år. Så ille har det vore at heile nabolaget er ramma. Det verste er at det ikkje ser ut til at dei ubedne gjestene har planar om å forsvinne med det første.

 

Nei, eg meiner ikkje familie og venner. Det er sjølvsagt iberiasneglen som har plaga meg også denne sommaren. Lenge håpte eg at problemet ikkje skulle vere så stort i akkurat vårt nabolag. Har kome med mange slags unnskyldningar for å sleppe. Men no har eg måtte krype til korset. Så då er det berre ta seg ein kveldstur med spade og bøtte for å plukke opp desse slimete og ekle dyra som det aldri ser ut til å ta slutt på.

Dei er over alt, og når du trur du har klart å ta kveldens fangst så dukkar det jammen opp ein til. Det einaste trivlege eg kan komme på er at ein kjem i triveleg prat med naboen over hagegjerdet. Han er også er ute på sin faste sneglejakttur. Dessutan har eg aldri har hatt så stort tempo som når eg prøver å unngå sneglane på stien på joggeturen.

 

Mens regnet har pøsa ned i sommar, har avisene vore fulle av skrekkhistorier om folk som plukkar hundrevis av sneglar kvar dag.

 

Er det ikkje noko som tar knekken på desse slimålane?

 

Så vidt eg har skjønt får vi rydde unna snegler som best vi kan, håpe på ein iskald vinter, mens vi ventar på at eit lyst hovud skal komme opp med eit effektiv og miljøvenleg middel. 

Med håp om at eg neste sommar berre får triveleg sommargjester på besøk!


Lurt igjen!

Her om dagen fann eg ut at eg skulle lage god gammaldags, heimelaga pizza.

Turen gjekk til butikken. Ein av dei viktigaste tinga å få med heim frå butikken er sjølvsagt ost. Det blei ost av den milde typen, som barn gjerne likar. Derfor greip eg omtrent midt i ostehylla etter ein pakke ferdig riven ost. Det blei ein pakke Synnøve Finden.

Vel heime blei pizzaen laga og kom på bordet.

Det var først då eg stussa. Osten var rett og slett, ja, eg trur eg vil beskrive den som rar.
Smaken var ikkje så mykje å skryte av, men først og fremst reagerte eg på konsistensen. Eg lurte på om pizzaen hadde steikt for lenge, men den hadde faktisk stått kortare enn det som er vanleg i min omn.

Dermed tok eg fram ostepakken og studerte den meir inngåande. Vel, ost og ost fru Blom.........



Leser du nøye på pakken, oppdagar du nemleg at det IKKJE står ost på den nokon plass.
"Revet økonomipakke" står det. Kvifor det? Fordi dette rett og slett ikkje ER ost.

Kva er så denne "osten" laga av? Det skal visstnok vere ei blanding av melkeråvare og vegetabilsk olje. Det smakar ikkje så godt som ekte ost, meiner Opplysningskontoret for meieriprodukter, og om det er sunt eller ikkje strides dei lærde om. (Kjelde: Aftenposten).

Kvifor selge ost, som ikkje er ost? Svaret på det er sjølvsagt at det er billegare. Tollsatsane på ost er ei av årsakene til dette.

Uansett, som forbrukar vil eg vite kva eg kjøper.
Når denne uekte osten ligg midt mellom alle andre osteprodukt og dessutan er merka med "gulost revet" på butikkhylla, er det ikkje rart at vi forbrukarar ikkje ser skilnad på produkta og dermed føler oss lurte.



Forbrukarrådet krever derfor at uekte ost, må merkast tydelegare. (Les meir her)

Og neste gang det blir pizza på bordet heime hos meg, blir det garantert med ekte, skikkeleg ost.

Ny giv!

Hausten er tida for ein ny start.

Ny skule, ny klasse, ny jobb eller ein ny giv der du allereie er. Kanskje finn du ut at du skal skaffe deg ein ny hobby eller at  du skal bruke pengane dine meir fornuftig enn tidlegare. (Gjekk litt mykje pengar i ferien, ja.)

Eg har også bestemt at eg skal starte på ein ny giv.  Eg skal trene mindre!

Eller rettare sagt: 
Eg har meldt meg ut av ein ikkje ukjent stor norsk treningskjede!  Frå no av er det slutt på mitt støttemedlemskap.

Eg har vore medlem av dette treningssenteret i fleire år. I starten virkar jo opplegget genialt.
Du får løfte om tilpassa treningsopplegg, sjansen til å trene nesten heile døgnet og riktig oppfølging.
I starten stemmer alt dette. Du møter ivrig opp fleire gonger i veka, og får eit "tilpassa" treningsopplegg. .

Sett med treningssentra sine auge er jo opplegget genialt:
Du får ein heil haug folk til automatisk å betale ein gitt sum kvar einaste månad i minst eitt år.

Og for dei ivrige er dette sikkert ein god avtale. For dei av oss som slett ikkje er treningsnarkomane derimot , er det ekstremt dyre treningsminutt.

Og det er berre å sjå sanninga i augene: Eg kjem aldri til å bli treningsnarkoman.
Faktum er at eg hadde ein liten gjennomgang av kor ofte eg har vore på dette treningssenteret det siste året. Den opptellinga eignar seg ikkje på trykk.
Det er jo litt dumt å betale rundt 400 kroner månaden for slett ikkje å trene i det heile?

Derfor har eg altså meldt meg ut. Ut på tur. No er eg eit par gangar i veka ute på tur i rask gange. (Ikkje joggande - det kjem aldri til å skje!) Turane går likevel i raskt tempo og gjerne sammen med naboen, som ikkje er så lett å avvise som eit stort anonymt treningssenter. Sjølv om mange vil hevde at dette er slapp trening, så er det ein voldsom auke frå mitt passive medlemskap.

Så får vi sjå kor lenge trimforma "ut på tur" held seg. Realistisk reknar eg med at det blir mindre og mindre trening utover hausten. Som vanleg. Men no slepp eg i allefall å betale for å la vere å trene!

PS - Sist eg var ute på tur blei eg overraska av eit kraftig regnver. Våt til skinnet. Kan bli ein lang haust, ja!
Til gjengjeld fekk eg høyre frå ein av dei heilt unge gutane i gata at eg likna på Marit Bjørgen der eg kom tilbake dryppande våt. Slike tilbakemeldingar fekk eg aldri på treningssentret. Kva no i all verda det kan komme av?








God sommar!

No er det snart sommarferie og sett med forbrukarauge er det ikkje måte på kva som kan gå galt.

Du kan få trøbbel på feriereisa: flygeleiarane kan sørge for forseinka fly, bilen din kan stoppe opp på veg til Danmark og  feriehuset er slett ikkje som det såg ut i brosjyra eller på nettet.
(Eksempel frå TV 2 hjelper deg.)

Undervegs kan du komme ut for trivelege seljarar på gata som vil selge deg timeshare-leiligheiter, eller ikkje fullt så trivelege tjuvar som tar pengane og passet ditt. I det siste tilfellet må du bruke timar på å melde det til reiseselskapet eller politiet og dessutan få hjelp frå forsikringsselskapet ditt. Ja, dersom du då ikkje har gløymt å skaffe deg reiseforsikring, sjølvsagt!

Kanskje reisa går heilt greitt og ferien er fin som berre det. Du gløymer berre å tenke over at det er dyrt å ringe til/frå utlandet med mobilen. Det er kanskje ikkje er så lurt å ringe frå køen i  iskiosken til far som ligg på stranda for å høyre om kva is han vil ha. Mobilrekninga kan fort bli utriveleg.

På heimvegen kan det også gå gale. Det er ikkje stas å lande på Gardermoen seint på kvelden, oppdage at berre halvparten av bagasjen dukkar opp, og at eine dekket på bilen er punktert når du omsider finn bilen på parkeringsplassen. (Eg var ikkje så blid då dette hendte meg for nokre år sidan....)

Det er med andre ord mykje som kan gå gale og det er mykje ein kan irritere seg over. Men i dei aller fleste tilfelle går det jo veldig bra. Du kjem deg fram til ferieplassen utan anna enn små forseinkingar, opphaldet er flott og kanskje til og med veret også?
Små og store har det fint og kosar seg - og alle får i allefall nokre av ferieønska sine oppfylte.

For husk at sommar og ferie bør brukast til andre ting enn å ergre deg over dei tinga som ikkje går som planlagt. Bruk heller tida på å hygge deg, ta det med ro og gjere trivelege ting du har lyst til. Ta ein is, spis litt jordbær, les ei bok, bad, gå på tivoli, museum eller bar eller kva det no er DU likar.

Eit par-tre ting bør du likevel ordne opp i FØR du drar på ferie:

Sørg for å ha reiseforsikring. Skal du til utlandet: sjekk at heile familien har gyldige pass og skaff deg europeisk helsetrygdkort, som sikrar deg gratis legehjelp i EØS.området.  Det tar ti sekund ved hjelp av denne nettsida

Skulle du likevel vere misfornøgd etter ferie kan du jo alltids sende ein epost til oss i TV 2 hjelper deg. Vel og merke dersom klagen din omhandlar ei forbrukarsak. Klager på sure mannfolk eller gretne ungar får du ta opp i familierådet!

God sommar!

PS - TV 2 hjelper deg er på lufta igjen 31. august.


Oppvask i heimen

Heime hos meg har det vore skikkeleg oppvask den den siste veka.


Den tilårskomne oppvaskmaskina mi gjekk nemleg i svart.  Dermed var det ingen veg utanom: husstanden måtte gå til innkjøp av ny oppvaskhjelp.

Eg prøvde å vere ein god forbrukar. Sjekka Forbrukarrapporten, som eg veit har testa oppvaskmaskiner for ikkje så lenge sidan.  Testen finn du her.
Ein ting er testresultatet og kva produkt som er "best i test", det mest nyttige med slik testar er å skaffe seg kunnskap om kva det er du skal legge vekt på når du sjølv skal velge produkt.
Når det gjeld oppvaskmaskiner, synest eg for eksempel det er viktig at dei ikkje bråkar for mykje.

Så gjekk turen til butikken. Vi kikka på eindel maskiner og mannen veileda oss etter beste evne. Vi valde til slutt ei maskin. Så langt alt greit. 

Men så kom det etterkvart uunngåelege spørsmålet:
"Vil dere ha trygghetsforsikring?"

Det er vel ikkje til å legge skjul på at eg drog litt på smilebandet. Så det kom lynraskt frå mannen bak disken at  "ja, vi er forpliktet til å spørre, altså".

Eg klarte ikkje la vere; eg måtte sjølvsagt spørje kva ei slik tilleggsforsikring skulle vere godt for, som ikkje alt er dekka av forbrukarkjøpslova.
Slik tilleggsforsikring skal vere veldig bra dersom du ved eit uhell skulle komme til å lage ein svær bulk i døra eller få grus og småstein inn i maskineriet, dersom eg forsto forklaring riktig.

Situasjonar som ikkje er særleg sannsynlege, altså.

Saka er nemleg den at i svært mange tilfeller vil ei slik forsikring ikkje vere nødvendig. Forbrukarkjøpslova gir deg retttar dersom det er feil på produktet. Dessutan kan du i eindel situasjonar få dekka utlegg via innbuforsikringa di.
Trygghetsforsikringa kan rett og slett vere ei unødvendig tilleggsforsikring.

Det er ikkje berre eg som er skeptisk til ei slik forsikring. Her kan du lese kva Forbrukarrådet meiner om slike forsikringar.

Kva så med oppvasken?

Joda, eg klarer kunsten å vaske opp, men er veldig glad for at ny maskin er på plass og sørgar for reine tallerkar og glass utan å bråke for mykje. Det blei forresten ikkje testvinnaren frå Forbrukarrapporten.

Nyttårsforsett

Nytt år, nye sjansar.

Mange startar det nye året med løfter om å skjerpe seg.  Slankekuren blir sett i gang, treningssentra er smekkfulle og røykpakka går i bosspannet.
Intensjonane er gode, men for mange varer det ikkje så lenge.

Eg vil ta til orde for eit heilt anna nyttårsforsett: Bli ein smartare forbrukar!

Minst like kjedeleg som å slanke seg, seier du kanskje?

Eg er einig i at det høyres nitrist ut. Verre enn slankekur, røykestopp og treningsslit til sammen.
Men det er ikkje sikkert at det treng å vere så vanskeleg. Innsatsen treng nemleg ikkje vere så langvarig.

Tenk på alle utgiftene du har i løpet av eit år til straum, telefoni, lån, bank, forsikring og bil.
Plukk deg ut ein av desse tenestene og sett deg føre å finne eit billegare og betre tilbod.

Kjedeleg, seier du. Ja, men det kan vere veldig lønnsomt.

Ta til dømes banktenester. Kor mykje betalte du i gebyr til banken din i fjor? Sagt på ein annan måte kor mykje måtte du betale til banken for å få lov til å ta ut pengar og betale rekningane dine?

Kva kostar mobilen deg? På telepriser.no kan du sjekke kva type abonnement som lønner seg for deg. Det er utruleg enkelt å skifte, og du får behalde telefonnummeret.
http://telepriser.no

Kor mykje betalte du for straumen i fjor? Du er kanskje knytta til det lokale selskapet og har aldri orka å sjekke kor mykje andre straumleverandørar skal ha for akkurat samme tenesta?
Lurer du å kva som lønner seg? Hos konkurransetilsynet får du oversikt over kraftprisane og dei ulike leverandørane.
http://www.konkurransetilsynet.no

Vil du vere skikkeleg avansert kan du jo gå laus på forsikringane dine. Eg innrømmer gjerne at det er vanskeleg og utruleg kjedeleg. Men du kan jo be om tilbod frå ulike selskap, kanskje det kan få ditt noverande selskap til å skru ned prisen?

Du treng ikkje ta alt på ein gong. Vel deg ut eit område og ta det enklaste først!

Så er spørsmålet om eg har gjort noko av dette sjølv? Tja, eg har prøvd på nokre av områda i allefall!

Eg har skifta bank, straumleverandør, ja til og med bilforsikringa har familien spart pengar på.

At vi også har latt oss overtale til å skifte til breibandstelefoni og i stadenfor ei velfungerande telefonline har vore delvis utan telefonsamband - ja, det er ei heilt anna historie!

Godt nytt forbrukarår!

Førjulsangst

Det er ikkje til å komme vekk i frå. Di nærare jul vi kjem, di større blir angsten.
Ikkje for julebaksten, eller vindusvask. Ikkje for messingpuss, juleribba eller å skrive julekort.

Men tanken på å måtte sitte i bilkø inn mot kjøpesenteret, leite etter parkeringsplass, og brøyte seg vei med varm ytterjakke inn i eit overfylt kjøpesenter - ja, då nærmar eg meg det eg brukar å kalle  kjøpesenter-angst.

Sjølvsagt kan det vere meg det er noko i veien med. Eg er for utolmodig og synest at alle andre er utrulig treige, går for sakte og somlar med å finne fram lommeboka, eller i dei fleste tilfella, bankkortet.
Når kjøpesentret har julemuzaken på full guffe,  gretne ungar hyler og sure fedre står med armane stramt i kors utanfor kvar einaste butikkdør, då lengtar eg til ei lita handlegate med tre eller fire butikkar nesten tomme for folk og heilt utan musikk, med akkurat dei gavene eg gjerne vil glede nokon med til jul. 

Betyr det at du ikkje kjem til å sjå meg på eit kjøpesenter før jul? At eg alt har kjøpt julegåvene og at det berre står småtteri att?


Neidå.


Saka er jo den at det er utruleg praktisk å stikke innom eit kjøpesenter. Med mange butikkar på ein plass får du faktisk gjort mykje på kort tid. Dermed er det vel berre å trekke pusten djupt, seinke skuldrane og ta det med ro - ikkje hisse seg opp over at ting tar tid og at køane er lange. Berre stikke innom nærmaste kjøpesenter og bli ferdig med det.

Så kan eg heller ta turen til den vesle handlegata mi etterpå!

God førjulsstrid!




Har du ein 10'ar til......

...handlevogna?

Du kjenner situasjonen. Du har litt dårleg tid,  er på vei for full fart inn i butikken og oppdagar at du sjølvsagt ikkje har ein 10'ar til handlevogna.

Ein femtilapp, javel. 20 kroner, sjølvsagt, men slett ikkje ein heilt vanleg ti-krone. Dermed må du prøve å få veksla i kassen. Der er køen sjølvsagt lang. Du må inn i butikken, stille deg i køen og har du maksimum uflaks manglar dei nettopp: ti-kroner.

Eg har lagt ein plan for å unngå dette problemet: Eg har skaffe meg ein polett som heng på nøkkelknippet mitt. Eg voktar den som om det skulle vere gull. Derfor kan det hende at kunden eg møtte i ein butikk for ei tid tilbake synest eg oppførte meg ørlite grann merkeleg.
Vedkommande dukka opp bak meg, mens eg var i ferd med å pakke maten min ned i bæreposane. Han drog til seg mi handlekorg.......

NEEEEIIII, ropte eg. Du kan ikkje ta den!

Mannen såg litt overraska ut. Ikkje så rart kanskje, der han sto med ein ti-krone i handa og ville "betale" for handlekorga. Eg fekk med andre ord ei forklaringsbehov.

Ein mynt som heng på nøkkelknippet, og som du alltid har med deg, er nemleg mykje meir verdt enn ti kroner.

Vi i TV 2 hjelper deg har laga ein nøkkelring med ein mynt som passar til handlekorga.





Vil du gjerne ha ein?

Då må du delta i konkurransen på nettsidene våre.
Kvar veke trekker vi ti personar som får TV 2 hjelper deg-nøkkelringen - dersom de veit svaret på Frode forbrukar sitt problem.

Det finst ingen enkle løysingar!

Dessverre.
Sjølv om eg stadig vekk håpar på at det skal dukke opp eit produkt som gjer husarbeide ferdig på 1-2-3.
Og eg er ikkje åleine.

Derfor er det lett å lure oss forbrukarar til å tru at no er det komme eit nytt produkt som skal gjere det revolusjonerande lettvint å gjere reint.

"Spray på og skyll av". Enten det dreier seg om bad, kjøkken, golv, flekkar, glass eller speglar. Det finst eit spesialprodukt  for alt. I seg sjølv nok til å fylle eit heilt kjøkkenskap. I tillegg kjem dei gamle travarane grønnsåpe, klorin, salmiakk, nylonvask og sunlightsåpe.

Så har du alle eingangsklutane; til speil, glass, toalett og tørrmopping av golv.

Mikrofiber er også ei fantastisk oppfinning, i følge reklamen. Meir effektivt enn såpe og vatn og mykje enklare?

Stemmer det?

Eg må innrømme at eg har fleire typar mirkofiberklutar heime, som skal brukast til å tørke støv. Nokre var billege andre dyre. Utan at eg har merka noko praktisk skilnad. Eg tørkar støvet og det dukkar trufast opp att. Uansett kor gode hjelpemiddel du har, må jobben gjerast. Støvet går ikkje sin vei på eiga hand.

Så eg har slutta å tru på enkle løysingar......trur eg.

Likevel kan det jo vere greit å vite svaret på kor godt mikrofiberklutane virkar og kva type som er best!

TV 2 hjelper deg testar mirkofiberklutar onsdag 19. oktober kl 2030.


Ferieidyll eller fiasko?

Dei siste åra har familien min saman med gode venner, leigd feriehus i Frankrike og Italia.  Feriehusa har vi funne på ulike nettstadar.

Stort sett har det fungert veldig bra, og vi har fått feriehus vi har vore godt nøgde med.
Reine ferieidyllen med andre ord.

Men kvar gong har vi vore littegrann usikre. Eksisterarar huset? Er det verkeleg ledig? Ser det ut som på bildene? Korleis er området rundt?

Eit år var det eg som hadde ansvaret for bestillinga og kontakten med nettfirmaet. Alt gjekk på skinner. Huset var betalt, fly bestillt og leigebilane under kontroll. Tre familiar reiste glade av gårde, og gledde seg til to vekers ferie. Etter ei lang reise kom vi fram til hotellet der vi skulle få nøklar til huset.

Ikkje visste dei at vi skulle komme. Ikkje visste dei om huset faktisk var ledig! 

Då blei eg ein smule nervøs for å seie det forsiktig.

Det var fram med alle papir som stadfesta bestillinga og beviste at vi hadde betalt.
Dermed starta ei hektisk telefonering frå hotellet si side.
Og tre familiar satt svoltne og lurte på om ferien skulle bli noko heilt anna enn det vi hadde planlagt.

Eg har lært mykje av å leite etter feriehus på nettet.

Det aller viktigaste er å lese nøye det som står på mange ulike nettsider.
På den måten lærer du litt meir om kva du skal sjå etter og kva du bør styre unna.

Det bør finnast bilder av huset - både innvendig og utvendig. Kva står det om lokalisering og om eigedommen. Les nøye kva som står om avstandar til butikkar, restaurantar, strender og andre byar. Sjekk VELDIG nøye kva som står om romfordeling, bad, toalett, sengeplassar, kva type senger etc. etc.
Snakk med nettstaden og still alle spørsmål du gjerne vil vite svaret på.

Prøv også å skaffe deg referansar på utleigefirmaet. Sjekk gjerne om Forbrukarrådet har fått klager på selskapet. Snakk med andre som har prøvd å leige feriehus/leiligheter på nettet.

Kort sagt: Ver kritisk og skaff deg mest mogeleg informasjon!

Forbrukarrådet har også nyttige råd i samband med leige av feriehus i utlandet.
Les meir her


Meir om kva reattar du har får du også vite om du ser på TV 2 hjelper deg onsdag 5. oktober kl 2030.
Der får du møte familien Gundersen som skulle på ferie til Mallorca. Fire dagar før avreise fekk reisefølget beskjed om at dei ikkje kunne få strandhuset dei hadde betalt for, men fekk istaden eit anna hus. Då dei kom fram viste det seg at dei i ikkje fekk stranda, men ein fabrikk som nabo. 

PS:
Korleis det gjekk med ferien min?

Joda. Alt ordna seg. Huset var ledig. Det vart to flotte veker i eit flott hus. Det einaste vi kunne klage over var litt mykje mygg........

Heilsprø dagar!

Det er utruleg irriterande. Faktisk til å bli heilsprø av!

Du kjenner det godt; irriterande telefonseljarar og overfyllte postkassar. Reklame, reklame, reklame.

Det slår jo aldri feil. I det familien har sett seg til bords for å spise middag, ringer det ein kjekk kar som heiter "Lars". Han skal ikkje selge deg noko, men...........

Det er enkelt å stoppe. Du går berre inn på nettsidene til Brønnøysundregistrert. http://w2.brreg.no/reservasjon/. 
Husk at du må registrere alle voksne i husstanden, ellers begynner dei berre å ringe å spørje etter mannen din/kona di/ søstra di/kjæresten din.....

Eg har sjølvsagt reservert meg mot reklame på i Brønnøysundregisteret. Så telefonane er eg så og seie blitt kvitt.

I postkassa såg det like ille ut. Ei stund fekk eg det for meg at eg som programleiar i TV 2 hjelper deg burde følgje med på all uadressert reklame som blei sendt ut i postkassane. Men etter at  papirinnsamlinga heime såg ut som eit heilt lite berg, fekk eg nok av det også.  Så derfor fekk eg tak i klistremerke frå Posten;
Reklame - nei takk. Og vips var det slutt på reklamen i postkassa også.


Trudde eg.


Eg hadde sjølvsagt gløymt avisene. Smart Club, XXL, Living og alle dei andre som sikkert betalar avisene dyrt for å legge inn eigne reklameaviser i avisa. Det kan du ikkje reservere deg mot. Abonnerer du på ei avis må du ta i mot alle annonsene, inkludert desse innlegga. Det er den klare beskjeden.

Det er berre det at desse store kjedane sender innlegga ikkje berre med ei avis, men med fleire. Så her om dagen talte eg opp ikkje mindre enn tre nesten identiske reklameinnlegg frå G-sport.

Først kom Aftenposten om morgonen. G-sport kunne fortelle om "Helsprø dager". Dessutan "8 sider med helsprø priser".

Då eg kom heim på ettermiddagen hadde Budstikka samme vedlegget - Heilsprøtt!

Men det slutta ikkje med det - trur du ikkje lokalavisa Firda hadde akkurat samme meldinga: heilsprø dagar hos G-sport i Sogn og Fjordane også.

Kan det verkeleg vere naudsynt å plage oss med reklameinnlegga i avis etter avis?

Det einaste heilsprø med dette er at eg blir heilsprø.Og tru meg - eg har ikkje tatt turen til G-sport for å gjere "et helsprøtt høstkupp".



Ikkje la deg lure!

Det kan ikkje seiast for ofte:

Det som virkar for godt til å vere sant, er nettopp det. Ikkje sant.


Så når du plutseleg får ein epost om at du har vunne i eit lotteri du aldri har kjøpt lodd til, då bør varsellampene lyse. Når beskjeden er at du har vunne 2. premien, og at du dessutan får kjøpe ei oppsiktsvekkande god slankepille, då bør alle bremser på.

Med jamne mellomrom dukkar det opp slike kampanjar. Eit fantastisk tilbod, der alle av ein eller annan merkeleg grunn har vunne 2. premien i eit lotteri. Samstundes får du tilbod om eit revolusjonerande produkt, som regel eit slankeprodukt. Alt sammen illustrert med bilder som liknar på dette:



Fornøgde kundar fortel om korleis dei ved å spise tre,fire piller i løpet av få veker har tatt av fleire titals kilo.

Alle som slit med for mange kilo, veit at så enkelt er det ikkje.

Derfor bør vel alle skjønne at dette er berre tull, seier du kanskje. Slike kampanjar er berre til å le av.

Kanskje det. Det triste er likevel at det er mange som håpar at det skal vere sant.  "Tenk om......."
Dermed er det mange nok som lar seg friste, enten i håp om bli slank, eller i trua om at dei har vunne ein DVD-spelar.

Då er vi ved kjernen. Dei som står bak slike ulovlege kampanjar tener  nemleg pengar på folk sine håp. Kostandane ved å lage ei internettside og sende ut massevis av epost, er jo ikkje så veldig store.

Det eg synest er det verste er at det virkar som om det er nesten heilt umogeleg å komme dette  fenomenet til livs. Minst ein gong i året dukkar desse såkalla lotteria opp, og sjølv om Forbrukarombudet forbyr kampanjen, dukkar det altså stadig opp nye.

Til sjuande og sist ser det ut til at det er oss forbrukarar som må stanse fenomenet:

IKKJE LA DEG LURE!

PS - Den siste kampanjen er slankepilla Prolarin. Du får vite meir om den i TV 2 hjelper deg onsdag 14. september kl 2030 og på nettsidene våre.

McDonalds vs Burger King

Smak og behag kan ikkje diskuterast, heiter det.

Men det er sikkert og visst at det kan.  Det mange av oss som meiner mykje og bestemt om mat.  For eksempel; kven er best av McDonalds og Burger King?

TV 2 hjelper deg har sett i gang eit testpanel som har vurdert dei to kjedane opp mot kvarandre.

Testpanelet har mellom anna vurdert:
- kor sunn maten er
- pris
- kor mykje mat du får
- kor raskt det går etc.

Men viktigast er sjølvsagt kva burgar smakar best? Testpanelet har besøkt 6 restaurantar og på kvar av desse har dei smakt på fire burgarar + pommesfrittes.

Eg kan love at det blei ein jamn og spennande kamp.

Onsdag kl 20:30 får du sjå resultatet. I mellomtida kan du jo sjølv vurdere kva som er DIN favoritt. Min favoritt? Den restauranten som er nærmast når eg er svolten!





Det er Art of taste som har stått for testen.

Sunn skepsis?


Det er ikkje til å komme vekk i frå. Du blir litt skeptisk av å jobbe i TV 2 hjelper deg.
Skeptisk til handverkarar for eksempel.
I brevbunkane våre finn du tallause døme på handverkarhistorier som er fortvilande for dei som står midt opp i det.

Det er historiene om handverkaren som har gjort ein elendig jobb. Det er nemleg ikkje så kjekt å oppdage at det nye taket ditt slett ikkje er tett, og jobben må gjerast ein gong til med dei kostnadane det medfører.

Eller om handverkarar som i og for seg gjer ein grei jobb. Det er berre det at dei stikk av før jobben er fullført! Dermed står du der med uferdige veggar.

Så har du dei som krev heil eller delvis betaling på førehand. Dei treng pengane fordi dei skal hente ut naudsynt materiale til å utføre jobben. Det høyrest jo greit ut. Det hadde det jo vore også dersom dei berre hadde dukka opp att og satt i gang med arbeidet.

Eg har ikkje tal på alle dei breva vi har fått som fortel om handverkaren som kjem heim til deg utan invitasjon, og fortel deg at taket på huset ditt bør skiftast eller at oppkjørselen din bør asfalterast på nytt.

Det siste skjedde meg i vår.

Ein høfleg, engelsktalande mann med gode referansar meinte at oppkjørselen vår trengte ny asfalt. Det har han heilt rett i! Likevel; då slo min skepsis inn. Eg har høyrt om alt for mange som har blitt lurte på akkurat denne måten.
Eg ville rett og slett ikkje ta sjansen på å sette i gang ein slik jobb utan å ha sjekka prisar og referansar hos fleire firma.

Konskvensen? Oppkjørselen vår treng framleis eksperthjelp!

I TV 2 hjelper deg onsdag 31. august kl 2030, får du sjå ei handverkarhistorie som gjer at du også tar ein ekstra sjekk før du hyrer handverkar.

PS. Kva med alle dei handverkarane som stiller til avtalt tid, utfører jobben korrekt til avtalt pris og ryddar pent opp att etter seg? Dei historiene hamnar ikkje i brevbunken til TV 2 hjelper deg.......

PS 2:
Forbrukerrådet gir nyttige råd og tips når du skal velge håndverkar.



Gått ut på dato!

No er eg i gang med min 12. sesong som programleiar i TV 2 hjelper deg. Etter å ha presentert 160 sendingar og over 320 forbrukarsaker, blir eg likevel overraska over kunnskapane til dei tilsette i norske butikkar. Rettare sagt: mangelen på kunnskap.

Eg opplevde det seinast i vår då eg skulle klage på ei klokke som ikkje eingong var eit år gammal. Fleire skruar løsna på lenka på klokka, slik at heile klokka gjekk i bakken – for tredje gang! Då eg tok opp problemet i butikken var det første svaret eg fekk: ”Beklager, men garantien gjelder ikke lenken på klokken, bare urverket.”

Det kan visst ikkje seiast ofte nok: Det er skilnad på garanti og reklamasjon. Garanti er rettar produsentane gir deg som ein ekstra service. Garantitida er ofte berre på eit år. Forbrukarkjøpslova derimot gir oss forbrukarar gode kort på hand. Vi kan reklamere på produkt i to år eller i heile fem år på produkt som er ”ment å vare vesentlig lenger enn i to år”, som det heiter i lova.

Reklamasjonstida på ein Playstation 2 er fem år. Dermed hadde Petter Hem frå Tjøme retten på si side då han klagde på ein feil på maskina. Likevel vart han avvist i butikken og hos importøren Nordisk Film. Men Petter aksepterte ikkje avslaget. Det gjorde han rett i.

Det er mange som blir avviste på denne måten, som trur på butikken, trekker på skuldrane og heller kjøper nytt produkt. Du skal ikkje utan vidare akseptere svaret du får i butikken. Skaff deg kunnskap om forbrukarkjøpslova og vit kva du har krav på før du går i butikken. Det kan lønne seg!

Forbrukarkjøpslova finn du her.


Lykke til som bevisst forbrukar !

PS – Korleis det gjekk med klokka mi? Jo da, eg fekk velge meg ny klokke, slik forbrukarkjøpslova gir meg rett til. Det at eg til slutt valde ei mykje dyrare klokke er sjølvsagt ei heilt anna historie…….



hits