Nyttårsforsett

Nytt år, nye sjansar.

Mange startar det nye året med løfter om å skjerpe seg.  Slankekuren blir sett i gang, treningssentra er smekkfulle og røykpakka går i bosspannet.
Intensjonane er gode, men for mange varer det ikkje så lenge.

Eg vil ta til orde for eit heilt anna nyttårsforsett: Bli ein smartare forbrukar!

Minst like kjedeleg som å slanke seg, seier du kanskje?

Eg er einig i at det høyres nitrist ut. Verre enn slankekur, røykestopp og treningsslit til sammen.
Men det er ikkje sikkert at det treng å vere så vanskeleg. Innsatsen treng nemleg ikkje vere så langvarig.

Tenk på alle utgiftene du har i løpet av eit år til straum, telefoni, lån, bank, forsikring og bil.
Plukk deg ut ein av desse tenestene og sett deg føre å finne eit billegare og betre tilbod.

Kjedeleg, seier du. Ja, men det kan vere veldig lønnsomt.

Ta til dømes banktenester. Kor mykje betalte du i gebyr til banken din i fjor? Sagt på ein annan måte kor mykje måtte du betale til banken for å få lov til å ta ut pengar og betale rekningane dine?

Kva kostar mobilen deg? På telepriser.no kan du sjekke kva type abonnement som lønner seg for deg. Det er utruleg enkelt å skifte, og du får behalde telefonnummeret.
http://telepriser.no

Kor mykje betalte du for straumen i fjor? Du er kanskje knytta til det lokale selskapet og har aldri orka å sjekke kor mykje andre straumleverandørar skal ha for akkurat samme tenesta?
Lurer du å kva som lønner seg? Hos konkurransetilsynet får du oversikt over kraftprisane og dei ulike leverandørane.
http://www.konkurransetilsynet.no

Vil du vere skikkeleg avansert kan du jo gå laus på forsikringane dine. Eg innrømmer gjerne at det er vanskeleg og utruleg kjedeleg. Men du kan jo be om tilbod frå ulike selskap, kanskje det kan få ditt noverande selskap til å skru ned prisen?

Du treng ikkje ta alt på ein gong. Vel deg ut eit område og ta det enklaste først!

Så er spørsmålet om eg har gjort noko av dette sjølv? Tja, eg har prøvd på nokre av områda i allefall!

Eg har skifta bank, straumleverandør, ja til og med bilforsikringa har familien spart pengar på.

At vi også har latt oss overtale til å skifte til breibandstelefoni og i stadenfor ei velfungerande telefonline har vore delvis utan telefonsamband - ja, det er ei heilt anna historie!

Godt nytt forbrukarår!


hits