Uff, det blir nok for dyrt for oss!

Denne veka kom ei trist nyheit for DNB Nor, men ei glad melding til mange norske bankkundar.
Bankklagenemnda slo nemleg fast at DNB Nor sine lånefinansierte strukturerte spareprodukt har vore i strid med god forretningsskikk. Sagt svært enkelt; bankkundar har blitt lurte av banken!

Ein reknar med at så mange som 150 000 nordmenn har tatt opp lån, og putta pengane i spareprodukt med løfte om at her skulle det vere så godt som umulig å tape pengar.  Men visst var det mulig! Dine Penger har anslått at kundane kan ha tapt omlag 14 milliardar kroner.

Bankklagenemnda slår altså fast at DNB Nor har handla i strid med god forretningsskikk, og må betale kunden sin. Problemet med nemnda er at bankane ikkje MÅ følge vedtaka som blir gjort der. Ikkje overraskande derfor at DNB Nor sa at dei ikkje ville følge nemnda sitt vedtak.
Kommunikasjonsdirektør Trond Bentestuen uttalte at banken vanlegvis følgjer vedtaka i bankklagenemnda, men at dei denne gongen vel ikkje å gjere det. Han kunne like godt ha sagt at: Vi skulle gjerne ha følgt vedtaket i bransjen si eiga nemnd. Men, uff. Dette blir nok for dyrt for oss!

Banken har nemleg selt slike produkt i ei årrekke og det er altså tusenvis av nordmenn som kan ha krav på milliardar av kroner. Dermed er det ikkje småtteri banken risikerer å måtte punge ut med.

Men det er heller ikkje småtteri bankkundane har tapt. Tusenvis av nordmenn har tapt pengar som svært mange av dei skulle spare til pensjonsalderen sin. For dei er det ikkje berre å trekke på skuldrane og seie; Uff, dette blei visst litt dyrt!

Derfor er det bra at Forbrukarrådet no varslar at dei vil støtte bankkundar i ei rettsak, om naudsynt heilt til topps i rettsapparatet.


Nytt år, meir hjelp!

Vel overstått julefeiring til alle. Eg har hatt ei fin jul.  Svoren blei sprø, hyggelige treff med familie og venner og tur på ski blei det også. Eg har dessutan fått bytta julegåva som var i feil storleik, sjølv eg eg ikkje hadde byttekort eller kvittering å skilte med.

Så no er eg klar for ny TV 2 hjelper deg-sesong. Vi startar året med Helga som ikkje slapp inn i Russland fordi reiseselskapet oversåg feil i visumet. Dermed måtte ho vere eit traumatisk døgn på flyplassen i St. Petersburg. Du får også møte Margarita som kjøpte leiligheit full av muggsopp, USBL tar omsider ansvar for skadene. Likevel trugar dei utruleg nok med å kaste henne ut av leiligheita!
Årets første test er av varmeposar til barn. Eg er overraska over resultatet: Ein av posane tok faktisk fyr etter berre eit sekund!

Alt dette kan du sjå i TV 2 hjelper deg torsdag 8. januar kl 2030. Eller du kan sjekke nettsidene våre: tv2hjelperdeg.no.

Og har du ei sak som du irriterer deg over, kanskje du treng hjelp eller rett og slett har kome over ei morsom sak du har lyst til å tipse oss om? I TV 2 hjelper deg prøver vi å leve opp til namnet vårt. Derfor: Skriv til oss!
Nytt år og nye sjansar for at vi tek opp akkurat di sak.


hits