Til å bli kvalm av

Alle har vel ein eller annan gong gripe til meir eller mindre drastiske og dumme verkemiddel for å bli brun. Du har sikkert høyrt historiene du også, eller kanskje du har opplevd det sjølv? Overdriven bruk av solarium. Høgfjellssol med sprengrødt ansikt som resultat. Orange, skjoldete og illeluktande etter sjølvbruningskrem. Smørt deg inn med jordnøttolje, eller "tropical oil" utan solfaktor. Eller begeistra sprunge ut i sola tidleg om våren utan solkrem for på ettermiddagen oppdage at sola nok tok meir enn du forventa.

Eg må innrømme at eg også har gjort slike tabbar. Jordnøttolje er ikkje å anbefale, for å seie det slik.....
Dei fleste av oss som har gjort dumme ting innen dette feltet, har likevel det til felles at vi ikkje har fått varige mein. (Bortsett frå litt fleire rynker..)

Men det finst måtar å bli brun på som bokstavleg tala er til å bli kvalm av.
Titusenvis av nordmenn har sett sprøyter med eit stoff som heiter melanotan. Stoffet er eit kunstig hormon, som i følge selgarane skal gjere deg brun, slank og kåt. Det dei ikkje fortel er at stoffet er ulovleg å selge og har ubehagelege biverknader. Fleire som har prøvd stoffet opplever at dei blir kvalme, svimle og får hovudpine. Kollega Line Victoria Husby er ein av dei som har prøvd melanotan, og i sendinga vår på torsdag fortel ho om sine opplevingar. 

Langt verre er det at stoffet også kan gi varige mein.
16 år gamle Julia fortel i TV 2 hjelper deg på torsdag at ho angrar på at ho prøvde stoffet, og at ho har fått pigmentflekkar. 
I følge eit stort medisinsk tidsskrift kan melanotan også føre til auka risiko for føflekkreft. Det kan du lese om her.

Det er fleire som sel dette stoffet via internett. Nordmenn står bak eit selskapet som hevdar å vere størst i Skandinavia. Dei held til i Estland. Torsdag 23. april kl 2030 tar vi opp jakta på selskapet.

Viser du trynet ditt her.....

No er det 15 år sidan første gong TV 2 hjelper deg gjekk på lufta.
Programmet er dermed det lengstlevande forbrukarprogrammet på norsk TV og det eldste TV 2-programmet.
Mange forbinder nok programma våre med konflikt. For det er slett ikkje alle som har sett pris på å komme i vårt søkelys. "Du kan vise trynet ditt her, da skal jeg vri huet av deg", var den klare beskjeden vi ein gong fekk på telefonen. Fleire gangar har vi blitt kasta på dør.
Men eg huskar like godt alle dei som har fått hjelp. Smilande og glade fordi dei har fått retta opp feil og manglar på huset sitt eller heva kjøpet på "mandagsbilen". Eller ansiktet til Torvald då Acta gjorde heilomvending og han fekk tilbake godt over 600 000 kroner! Den saka kan du sjå på TV2hjelperdeg.no.
Og torsdag 16. april kl 2030 får du sjå fleire glimt frå dei 15 første åra våre.

15 år er lang tid, men det er ingenting som tyder på at det ikkje er bruk for oss lenger. Kvar einaste veke er det fleire hundre nordmenn som tar kontakt med oss. Dei kjem med innspel til produkt vi bør teste, tips til saker og veldig mange er fortvila eller sinte kundar som føler seg lurte.
Denne veka kan vi for eksempel fortelle at så mange som 20 000 bobileigarar kan bryte lova utan å vite om det, og at City Taxi tok seg tre gangar betalt for same drosjetur!

Tips oss du også. Kanskje er det akkurat di sak vi tar tak i neste gang?
Epostadressa vår er: hjelperdeg@tv2.no


hits