God sommar!

No er det snart sommarferie og sett med forbrukarauge er det ikkje måte på kva som kan gå galt.

Du kan få trøbbel på feriereisa: flygeleiarane kan sørge for forseinka fly, bilen din kan stoppe opp på veg til Danmark og  feriehuset er slett ikkje som det såg ut i brosjyra eller på nettet.
(Eksempel frå TV 2 hjelper deg.)

Undervegs kan du komme ut for trivelege seljarar på gata som vil selge deg timeshare-leiligheiter, eller ikkje fullt så trivelege tjuvar som tar pengane og passet ditt. I det siste tilfellet må du bruke timar på å melde det til reiseselskapet eller politiet og dessutan få hjelp frå forsikringsselskapet ditt. Ja, dersom du då ikkje har gløymt å skaffe deg reiseforsikring, sjølvsagt!

Kanskje reisa går heilt greitt og ferien er fin som berre det. Du gløymer berre å tenke over at det er dyrt å ringe til/frå utlandet med mobilen. Det er kanskje ikkje er så lurt å ringe frå køen i  iskiosken til far som ligg på stranda for å høyre om kva is han vil ha. Mobilrekninga kan fort bli utriveleg.

På heimvegen kan det også gå gale. Det er ikkje stas å lande på Gardermoen seint på kvelden, oppdage at berre halvparten av bagasjen dukkar opp, og at eine dekket på bilen er punktert når du omsider finn bilen på parkeringsplassen. (Eg var ikkje så blid då dette hendte meg for nokre år sidan....)

Det er med andre ord mykje som kan gå gale og det er mykje ein kan irritere seg over. Men i dei aller fleste tilfelle går det jo veldig bra. Du kjem deg fram til ferieplassen utan anna enn små forseinkingar, opphaldet er flott og kanskje til og med veret også?
Små og store har det fint og kosar seg - og alle får i allefall nokre av ferieønska sine oppfylte.

For husk at sommar og ferie bør brukast til andre ting enn å ergre deg over dei tinga som ikkje går som planlagt. Bruk heller tida på å hygge deg, ta det med ro og gjere trivelege ting du har lyst til. Ta ein is, spis litt jordbær, les ei bok, bad, gå på tivoli, museum eller bar eller kva det no er DU likar.

Eit par-tre ting bør du likevel ordne opp i FØR du drar på ferie:

Sørg for å ha reiseforsikring. Skal du til utlandet: sjekk at heile familien har gyldige pass og skaff deg europeisk helsetrygdkort, som sikrar deg gratis legehjelp i EØS.området.  Det tar ti sekund ved hjelp av denne nettsida

Skulle du likevel vere misfornøgd etter ferie kan du jo alltids sende ein epost til oss i TV 2 hjelper deg. Vel og merke dersom klagen din omhandlar ei forbrukarsak. Klager på sure mannfolk eller gretne ungar får du ta opp i familierådet!

God sommar!

PS - TV 2 hjelper deg er på lufta igjen 31. august.



hits