Sunn skepsis?


Det er ikkje til å komme vekk i frå. Du blir litt skeptisk av å jobbe i TV 2 hjelper deg.
Skeptisk til handverkarar for eksempel.
I brevbunkane våre finn du tallause døme på handverkarhistorier som er fortvilande for dei som står midt opp i det.

Det er historiene om handverkaren som har gjort ein elendig jobb. Det er nemleg ikkje så kjekt å oppdage at det nye taket ditt slett ikkje er tett, og jobben må gjerast ein gong til med dei kostnadane det medfører.

Eller om handverkarar som i og for seg gjer ein grei jobb. Det er berre det at dei stikk av før jobben er fullført! Dermed står du der med uferdige veggar.

Så har du dei som krev heil eller delvis betaling på førehand. Dei treng pengane fordi dei skal hente ut naudsynt materiale til å utføre jobben. Det høyrest jo greit ut. Det hadde det jo vore også dersom dei berre hadde dukka opp att og satt i gang med arbeidet.

Eg har ikkje tal på alle dei breva vi har fått som fortel om handverkaren som kjem heim til deg utan invitasjon, og fortel deg at taket på huset ditt bør skiftast eller at oppkjørselen din bør asfalterast på nytt.

Det siste skjedde meg i vår.

Ein høfleg, engelsktalande mann med gode referansar meinte at oppkjørselen vår trengte ny asfalt. Det har han heilt rett i! Likevel; då slo min skepsis inn. Eg har høyrt om alt for mange som har blitt lurte på akkurat denne måten.
Eg ville rett og slett ikkje ta sjansen på å sette i gang ein slik jobb utan å ha sjekka prisar og referansar hos fleire firma.

Konskvensen? Oppkjørselen vår treng framleis eksperthjelp!

I TV 2 hjelper deg onsdag 31. august kl 2030, får du sjå ei handverkarhistorie som gjer at du også tar ein ekstra sjekk før du hyrer handverkar.

PS. Kva med alle dei handverkarane som stiller til avtalt tid, utfører jobben korrekt til avtalt pris og ryddar pent opp att etter seg? Dei historiene hamnar ikkje i brevbunken til TV 2 hjelper deg.......

PS 2:
Forbrukerrådet gir nyttige råd og tips når du skal velge håndverkar.



Gått ut på dato!

No er eg i gang med min 12. sesong som programleiar i TV 2 hjelper deg. Etter å ha presentert 160 sendingar og over 320 forbrukarsaker, blir eg likevel overraska over kunnskapane til dei tilsette i norske butikkar. Rettare sagt: mangelen på kunnskap.

Eg opplevde det seinast i vår då eg skulle klage på ei klokke som ikkje eingong var eit år gammal. Fleire skruar løsna på lenka på klokka, slik at heile klokka gjekk i bakken – for tredje gang! Då eg tok opp problemet i butikken var det første svaret eg fekk: ”Beklager, men garantien gjelder ikke lenken på klokken, bare urverket.”

Det kan visst ikkje seiast ofte nok: Det er skilnad på garanti og reklamasjon. Garanti er rettar produsentane gir deg som ein ekstra service. Garantitida er ofte berre på eit år. Forbrukarkjøpslova derimot gir oss forbrukarar gode kort på hand. Vi kan reklamere på produkt i to år eller i heile fem år på produkt som er ”ment å vare vesentlig lenger enn i to år”, som det heiter i lova.

Reklamasjonstida på ein Playstation 2 er fem år. Dermed hadde Petter Hem frå Tjøme retten på si side då han klagde på ein feil på maskina. Likevel vart han avvist i butikken og hos importøren Nordisk Film. Men Petter aksepterte ikkje avslaget. Det gjorde han rett i.

Det er mange som blir avviste på denne måten, som trur på butikken, trekker på skuldrane og heller kjøper nytt produkt. Du skal ikkje utan vidare akseptere svaret du får i butikken. Skaff deg kunnskap om forbrukarkjøpslova og vit kva du har krav på før du går i butikken. Det kan lønne seg!

Forbrukarkjøpslova finn du her.


Lykke til som bevisst forbrukar !

PS – Korleis det gjekk med klokka mi? Jo da, eg fekk velge meg ny klokke, slik forbrukarkjøpslova gir meg rett til. Det at eg til slutt valde ei mykje dyrare klokke er sjølvsagt ei heilt anna historie…….



hits