Ny giv!

Hausten er tida for ein ny start.

Ny skule, ny klasse, ny jobb eller ein ny giv der du allereie er. Kanskje finn du ut at du skal skaffe deg ein ny hobby eller at  du skal bruke pengane dine meir fornuftig enn tidlegare. (Gjekk litt mykje pengar i ferien, ja.)

Eg har også bestemt at eg skal starte på ein ny giv.  Eg skal trene mindre!

Eller rettare sagt: 
Eg har meldt meg ut av ein ikkje ukjent stor norsk treningskjede!  Frå no av er det slutt på mitt støttemedlemskap.

Eg har vore medlem av dette treningssenteret i fleire år. I starten virkar jo opplegget genialt.
Du får løfte om tilpassa treningsopplegg, sjansen til å trene nesten heile døgnet og riktig oppfølging.
I starten stemmer alt dette. Du møter ivrig opp fleire gonger i veka, og får eit "tilpassa" treningsopplegg. .

Sett med treningssentra sine auge er jo opplegget genialt:
Du får ein heil haug folk til automatisk å betale ein gitt sum kvar einaste månad i minst eitt år.

Og for dei ivrige er dette sikkert ein god avtale. For dei av oss som slett ikkje er treningsnarkomane derimot , er det ekstremt dyre treningsminutt.

Og det er berre å sjå sanninga i augene: Eg kjem aldri til å bli treningsnarkoman.
Faktum er at eg hadde ein liten gjennomgang av kor ofte eg har vore på dette treningssenteret det siste året. Den opptellinga eignar seg ikkje på trykk.
Det er jo litt dumt å betale rundt 400 kroner månaden for slett ikkje å trene i det heile?

Derfor har eg altså meldt meg ut. Ut på tur. No er eg eit par gangar i veka ute på tur i rask gange. (Ikkje joggande - det kjem aldri til å skje!) Turane går likevel i raskt tempo og gjerne sammen med naboen, som ikkje er så lett å avvise som eit stort anonymt treningssenter. Sjølv om mange vil hevde at dette er slapp trening, så er det ein voldsom auke frå mitt passive medlemskap.

Så får vi sjå kor lenge trimforma "ut på tur" held seg. Realistisk reknar eg med at det blir mindre og mindre trening utover hausten. Som vanleg. Men no slepp eg i allefall å betale for å la vere å trene!

PS - Sist eg var ute på tur blei eg overraska av eit kraftig regnver. Våt til skinnet. Kan bli ein lang haust, ja!
Til gjengjeld fekk eg høyre frå ein av dei heilt unge gutane i gata at eg likna på Marit Bjørgen der eg kom tilbake dryppande våt. Slike tilbakemeldingar fekk eg aldri på treningssentret. Kva no i all verda det kan komme av?









hits