Førjulsangst

Det er ikkje til å komme vekk i frå. Di nærare jul vi kjem, di større blir angsten.
Ikkje for julebaksten, eller vindusvask. Ikkje for messingpuss, juleribba eller å skrive julekort.

Men tanken på å måtte sitte i bilkø inn mot kjøpesenteret, leite etter parkeringsplass, og brøyte seg vei med varm ytterjakke inn i eit overfylt kjøpesenter - ja, då nærmar eg meg det eg brukar å kalle  kjøpesenter-angst.

Sjølvsagt kan det vere meg det er noko i veien med. Eg er for utolmodig og synest at alle andre er utrulig treige, går for sakte og somlar med å finne fram lommeboka, eller i dei fleste tilfella, bankkortet.
Når kjøpesentret har julemuzaken på full guffe,  gretne ungar hyler og sure fedre står med armane stramt i kors utanfor kvar einaste butikkdør, då lengtar eg til ei lita handlegate med tre eller fire butikkar nesten tomme for folk og heilt utan musikk, med akkurat dei gavene eg gjerne vil glede nokon med til jul. 

Betyr det at du ikkje kjem til å sjå meg på eit kjøpesenter før jul? At eg alt har kjøpt julegåvene og at det berre står småtteri att?


Neidå.


Saka er jo den at det er utruleg praktisk å stikke innom eit kjøpesenter. Med mange butikkar på ein plass får du faktisk gjort mykje på kort tid. Dermed er det vel berre å trekke pusten djupt, seinke skuldrane og ta det med ro - ikkje hisse seg opp over at ting tar tid og at køane er lange. Berre stikke innom nærmaste kjøpesenter og bli ferdig med det.

Så kan eg heller ta turen til den vesle handlegata mi etterpå!

God førjulsstrid!





hits