Kom igjen: Klag!

Forbrukerrådet har gjennomført ei undersøking om kva forhold vi forbrukarar har til elektronikkbransjen. Resultatet er ikkje overraskande, men likevel skuffande.

Mange lar vere å klage på mobiltelefonen, sjølv om vi meiner at det er ein feil på produktet som produsent eller seljar har ansvaret for. Litt rart kanskje når Forbrukerrådet samtidig avdekkar at dersom du tar deg bryet med å reklamere, så er sjansen stor for at du får medhald!

Kva er årsaka? Mangel på tillit, meiner Forbrukerrådet. Kvar tredje forbrukar seier nemleg at dei har liten eller svært liten tillit til bransjen.

Konsekvensen er at i stadenfor å reparere mobilen, så kjøper vi ein ny.  Eg er ikkje overraska. Klagestraumen på mobiltelefonar i innboksen til TV 2 hjelper deg har gått drastisk ned dei siste åra. 

Vi menneske er enkle; vi vil gjerne ha det nyaste nye. (I fjor kjøpte vi nordmenn 2,3 millionar mobiltelefonar!) Dessutan blir vi møtt med trussel om gebyr når vi kjem for å klage på mobilen vår. I TV 2 hjelper deg fortalde vi for nokre veker sidan om korleis gebyr er med på å undergrave reklamsjonsretten. Les meir om det her.
For kva skjer når du vil klage på ein mobil som ikkje fungerer som den skal, du meiner at du IKKJE har gjort noko gale med telefonen, men får likevel klar beskjed; Vi skal undersøke telefonen din, men dersom vi meiner det er din feil at telefonen ikkje virkar eller den har ein fuktskade, så må du betale undersøkelsesgebyr for å få den tilbake?
Ja, då forsvinner tilliten til både bransjen og reklamasjonsretten.

Det kan kanskje bransjen leve med, for konsekvensen er jo at dei sel enno fleire mobiltelefonar?

Miljømessig er det derimot heilt håplaust: ei oppfordring til bruk og kast, som fører til unødvendig forureining, avfall og forbruk.

Så kom igjen; klag! Bruk reklamasjonsretten din, sjansen er stor for at du får medhald! 

Her kan du lese meir om undersøkinga til Forbrukerrådet .

Køyre bil som tante Turid?!

Vi i TV 2 hjelper deg likar å gi nyttige råd til folk som ser programmet vårt. Når finanskrisa er over oss og bensinprisane er høge, kva er vel meir naturleg enn å sette fokus på økonomisk bilkøyring?

Det er nemleg mykje pengar å spare på å lære seg å køyre litt meir økonomisk når du er på biltur. Miljøvenleg er det også. Og du kan faktisk gå på kurs for å lære det!

Vi fekk med oss entusiastiske Jan Erik Larssen  i eit forsøk på å lære han å køyre slik at han kan spare pengar og miljøet. Men den til vanleg positive og entusiastiske kollegaen min, var uvanleg skeptisk då han stilte til kursing i økonomisk køyring. Han er nemleg opptatt av køyreglede må vite, og er redd for å køyre bil "som tante Turid".

Vel herr Larssen kan komme til å bli overraska! Sjå TV 2 hjelper deg torsdag 6. november kl 2030. Der får du både sjå korleis det går med Larssen, og lære deg nokre tips om økonomisk køyring.


hits